Allereie på 1300-talet fvt. under Sethos 1. og son hans Ramses 2. blei dei første arbeida med kanalen utført. Neko – som levde rundt 600 fvt. – fortsette arbeidet med ein omsynslaus innsats av arbeidskraft. Persarkongen Dareios 1 skal ha oppnådd samband mellom Nilen og Raudehavet 100 år seinare. Under ptolemearane blei kanalen utbetra. Romarane har derimot neppe halde han ved like. Dei arabiske erobrarane på 600-talet evt. sette han i stand, men frå 700-talet forfall han igjen.
I nyare tid var det fleire fyrstar som interesserte seg for tanken om ei gjennomskjering av Suezeidet, mellom anna Napoleon 1. Han gav opp planen, særleg fordi rådgjevaren hans, ingeniør Lepère, hadde berekna at nivået på Raudehavet låg cirka ti meter høgare enn Middelhavet. Ein annan fransk ingeniør, Ferdinand de Lesseps, beviste seinare at nivåskilnaden var ubetydeleg. I 1854 la han fram eit kanalprosjekt for Egypts visekonge Said pasja, og i 1856 fekk han konsesjon for selskapet Compagnie Universelle du Canal Maritime de Suez til å byggja kanalen og deretter driva han i 99 år. Arbeidet blei påbyrja i 1859, og kanalen blei offisielt opna 17. november 1869. Konsesjonen til selskapet skulle gjelda til same dato i 1968. Franske aksjonærar hadde knapt fleirtal, medan resten av aksjekapitalen var britisk og egyptisk. Suezkanal-konvensjonen av 1888 sikra både krigs- og handelsfartøy frå alle nasjonar lik rett til gjennomfart.
Ved ein avtale i 1899 fekk Storbritannia rett til å ha troppar i Suezkanal-området, og ved den anglo-egyptiske militæralliansen av 1936 blei denne avtalen med visse innskrenkingar forlengd med 20 år. Den veksande nasjonalismen i Egypt førte likevel til krav om å få avtalen revidert. I 1954 anerkjende Storbritannia kanalsona som ein del av Egypt og gjekk med på ei gradvis militær tilbaketrekking, som blei fullført i 1956. Kort tid etter, 26. juli, erklærte president Nasser at kanalen var nasjonalisert, og dimed følgde Suez-konflikten.
Under seksdagarskrigen med Israel i 1967 blei Suezkanalen sperra, men etter Yom Kippur-krigen i 1973, då Egypt igjen overtok austbreidda, kom arbeidet for gjenopning i gang, og var ferdig i 1975.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.