Energi er det som kan få noko til å skje. Energi kjem i ulike former og kan gå over frå ei form til ei anna. Energi kan også overførast frå ein gjenstand eller eit system til eit anna. Eit menneske kan få tilført energi frå mat og bruke energi til å bevege seg. Eit solcellepanel kan få tilført energi frå Sola, og denne energien kan nyttast til å drive eit elektrisk apparat.
Energi er definert som evna til å utføre arbeid, der arbeid er ein storleik som er knytt til krefter og bevegelse. For eksempel trengs det energi for å endre farten til ein gjenstand, løfte den opp eller varme den.
Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, men er alltid bevart. Denne lova om energibevaring gjer det mogleg å forstå naturlege og teknologiske prosessar og føreseie utfallet av dei. Energi som naturvitskapleg omgrep har difor stor forklaringskraft og nytte.
Energi er i fysikken ein storleik som kan talfestast. Den avheng av målbare storleikar som fart, masse, temperatur og ladning.
Energikjelder er noko som inneheld energi som kan gjerast om til ei form som er nyttig for menneska, men energien oppstår ikkje i energikjelda. Energiforbruk vil seie at energi går over frå ei nyttig form til ei mindre nyttig form, men energien vil ikkje brukast opp eller forsvinne.
Standardeininga for energi er joule (J). Nokre andre einingar for energi er kilokalori (kcal) som ofte blir bruka om energiinnhald i matvarer, kilowattime (kWh) som ofte blir bruka om energi levert av energiverk (kraftverk), og elektronvolt (eV) som blir bruka om svært låge energiar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.