Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Fiqh er rettsvitskapen i den islamske lova, shariaen. Grunnlaget for shariaen er Guds openberring i Koranen og sunnaen. Fiqh er det tolkingsarbeidet menneska i ettertid har gjort for å forme ei lov og eit regelverk basert på denne openberringa.

Faktaboks

Uttale
fikh
Etymologi
arabisk fiqh, ‘kunnskap, refleksjon’

Det er berre dei lærde, ulama, og særleg dei rettslærde (fuqahā) som har tilstrekkeleg kunnskap og autoritet til å gjere dette lovarbeidet. Dei som la grunnen for dette arbeidet i dei første hundreåra etter profeten Muhammads tid, samla seg om fire kjelder for rettsvitskapen.

Dei to første er Koranen og sunnaen. Koranen inneheld ein del klare påbod og forbod som muslimane skal rette seg etter, men også mange allmenne rettesnorer som må tolkast for å avklare kva Gud har meint med dei. Det er såleis berre eit fåtal av reglane i sharien som bygger direkte på utolka utsegner i Koranen.

Eit langt breiare grunnlag for rettsvitskapen er sunnaen, som er utsegnene og handlingane til profeten Muhammad og hans næraste. Dei vart fortalte og seinare skrivne ned i hadith-tradisjonar. Dette er ein langt større tekst-mengde enn Koran-teksten åleine, og dei lærde seier at «sunnaen forklarer Koranen». Om det uklart kva eit Koran-vers betyr, kan profeten i ein hadith forklare kva den rette tolkinga skal vere. Profetens praksis (handlingar og utsegner der han uttaler seg som profet) er også normgivande i seg sjølv. Også hadith frå profetens næraste (ṣaḥāba, «følgesvenner») kan gi normer for rettsvitskapen seinare, sidan dei hadde stått profeten så nær i hans levetid.

Utforminga av rettsvitskapen til shariaen

Med dette kjeldegrunnlaget avklart, kunne dei rettslærde gjere eit arbeid med å forme om dei enkelte versa eller forteljingane i sunnaen til allmenne lovreglar. Dette lovformingsarbeidet, som kallast ijtihad, tok form frå 700-talet og særleg i dei første hundreåra etter. Dei tidlege juristane hadde ulike metodar for dette, men juristen al-Shafi’i (d. 820) la eit grunnlag som seinare vart følgt av dei fleste. Han utvikla tanken om analogi (qiyās) som metode: Når eit vers i Koranen eller ein hadith gir ein regel for eitt konkret tilfelle, for eksempel at det er forbode å drikke vin, prøver juristen å finne ut om dette også gjeld andre drikkevarer, og spør: Kva er det ved vin som gjer det forbode? Når han, på ulike måtar, har bestemt kva dette utløysande er – i dette tilfellet at vin fører til drukkenskap – så kan han seie at andre ting (f.eks. brennevin) som også fører til drukkenskap da må vere forbode ut frå same Koran-regel. Brennevin er altså i denne samanhengen analogt med vin. Regelen blir at det som fører til drukkenskap er forbode, med basis i Koranens påbod.

Dette arbeidet vart gjort av sjølvstendige juristar som hadde religiøs kunnskap, ikkje av sultanen eller andre statlege styresmakter. Dei mangla den religiøse autoriteten til å fastsette lovene. Berre dei lærde kunne det, sidan dette var Guds lov, ikkje sultanens lov. Men sidan det var mange juristar som arbeidde med dette, vart dei ofte usamde, både kva gjaldt metoden for utvikle lovene, og om dei reglane som vart resultatet. I eit rettsapparat kan det ikkje vere uklarheit om lovreglane, både «forbrytaren» og folk flest måtte vite kva slags lover dei hadde å halde seg til. Men sultanen og statsmakta kunne altså ikkje avgjere kva tolking som skulle vere rett lov. Derfor samla dei lærde seg om at den tolkinga alle skulle følge, var den som det var allmenn semje (ijmāʿ, konsensus) om mellom dei rettslærde. Denne semja mellom dei lærde var dermed det som stadfesta tolkinga som lov. Ei slik semje låste fast regelen, dersom det i ein generasjon av rettslærde vart fastslått ein slik konsensus, så kunne ikkje regelen endrast i ettertid.

Dei fire kjeldene var dermed Koranen, sunna, analogiske slutningar i qiyas, og allmenn semje i ijma. Men som vi ser spelte dei fire ulik rolle i lovforminga. I teorien skulle fullstendig semje mellom alle muslimar – eller alle rettslærde, i det minste – vere bevis på Guds vilje. Men slik total semje viste seg å vere vanskeleg eller umogeleg å oppnå. Dette prinsippet fekk dermed i realiteten ei langt meir avgrensa betydning. Det danna seg i staden grupperingar av lærde som brukte ulike metodar og ofte kom fram til ulike reglar. Desse vart til parallelle variantar av shariaen, som vart kalla «lovskular». I sunniislam er det fire slike (hanafi, maliki, shafi’i og hanbali-skulane), mens sjiaislam har sine eigne (tolvretninga har jafari-skulen, zaydiar og isma’iliar kvar sine). Ijma kom derfor til å bety semje innanfor ein av desse lovskulane. Dermed kan vi snakke om hanafi-lov, maliki-lov, og så vidare, som langt på veg sjølvstendige lovsystem.

Kvar av lovskulane hadde særlege metodar for vidareutvikle lova, slik som istihsan for hanafi-skulen og istislah for maliki-skulen. Begge er metodar juristen kan bruke dersom ein regel utvikla gjennom analogiske slutningar fører til eit urimeleg resultat i eit bestemt tilfelle (t.d. at det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er lov og forbode under spesielle forhold). Da kan den allmenne regelen omgåast eller tilpassast for det spesielle tilfellet. Det er også andre skilnadar i metodologien til dei fire skulane, slik som kva rolle lokale forhold og lokal praksis spelar i dei konkrete lovene.

Frå middelalderen og framover voks det fram ein stor litteratur innan fiqh. Dei formidla kva dei fire grunnleggarane av lovskulane hadde slått fast, og vidareutvikla dette i kommentar-verk og kommentarar til kommentarane. Etter kvart vart det også samla fatwa er frå lærde muftiar, og slike kunne også brukas av seinare juristar til i praksis å tilpasse lovverket til skiftande omstende. Men lova vart aldri konkretisert i fastlagde lovbøker, det var alltid opp til seinare muftiar og dommarar å bestemme kva som var rett lovregel, ut frå den kunnskapen og kompetansen dei hadde.

Nytolking i moderne tid

Sjølv om hovudprinsippa i lova i prinsippet låg fast etter kvart som allmenne semjer innan lovskulane var slått fast, kanskje på 900-talet, heldt i realiteten utviklinga fram i rettsvitskapen etter det. Juristane sjølve sa at «døra til lovtolking (bāb al-ijtihād) er nå stengt», den rettslærde måtte knytte seg til éin lovskule og følge dei reglane som grunnleggaren av den lovskulen hadde etablert. Men på detaljnivå endra lova seg heile tida, for eksempel ved at dei seinare juristane hevda at deira (nye) tilpassing var det grunnleggaren eigentleg hadde meint i det aktuelle tilfellet. Slik utvikla rettsvitskapen seg under dekke av å vere uforanderleg.

På 1700-talet og 1800-talet reiste mange juristar protest mot tanken om at «døra» var stengt, og meinte at ijtihad, utvikling av shariaen, måtte vere mogeleg til alle tider. Den guddommelege openberringa, Koranen og sunnaen, måtte alltid ligge til grunn. Men i det menneskelege arbeidet i rettsvitskapen kunne ikkje juristane to hundre år etter profeten ha ein høgare status enn dei tolv hundreår etter, deira bidrag var i begge tilfelle menneskeleg og dermed feilbarleg kunnskap. Seinare på 1800-talet kom også den europeiske påverknaden til, både i rettssystemet og i samfunnet rundt. Nokre juristar, som reformisten Muhammad Abduh, kombinerte dei to argumenta for nytolking og la grunnlag for islamsk reformisme. Men den aukande europeiske påverknaden gjorde at sharia-domstolane uansett vart erstatta av moderne domstolar av vestleg mønster, som dømte meir og meir etter nye lover bygd på europeisk modell. Shariaen vart slik redusert eller forsvann heilt ut av rettssalen, dermed vart behovet for reform av fiqh mindre i rettsapparatet.

Diskusjonen om slik reform gjeld derfor i dag i mindre grad om det juridiske (utanom familielova), og meir om sosiale forhold, korleis muslimar skal oppføre seg etisk i eit samfunn i endring. For mange muslimske reformistar er det nå viktig å skilje mellom sharia, som for dei betyr Guds meining slik den er uttrykt i Koranen og sunnaen, og fiqh som er reint menneskeverk, og derfor lett kan settast til sides eller omformast slik at Guds hensikt (for eksempel, meiner dei, likestilling mellom kjønna) kjem til uttrykk i dagens samfunn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg