Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Herbert Kroemer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herb Kroemer

Kroemer i 2008
Fødd25. august 1928 (96 år)
Weimar i Tyskland
Død8. mars 2024
BustadUSA
NasjonalitetTysk
Amerikansk
Områdeelektroteknikk, fysikk, teoretisk fysikk, faststoff-fysikk, halvleiarar
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of California, Santa Barbara
University of Colorado Boulder
Alma materUniversitetet i Jena
University of Göttingen
DoktorgradsrettleiarFritz Sauter
DoktorgradsstudentarWilliam Frensley
Kjend forElektroteknikk og anvendt fysikk
MedlemAkademie gemeinnütziger Wissenschaften
National Academy of Sciences
National Academy of Engineering
American Physical Society

Herbert Kroemer (fødd 25. august 1928) er professor i data- og elektroteknikk ved University of California i Santa Barbara i USA. Han mottok ein doktorgrad i teoretisk fysikk i 1952 frå universitetet i Göttingen i Tyskland, med avhandlinga si om varme elektron-effektar i den nye transistoren. I 2000 vart Dr. Kroemer, saman med Zjores I. Alferov og Jack S. Kilby tildelt Nobelprisen i fysikk.

Han hadde tidleg suksess i eit ganske anna emne då han saman med Burgess og Houston i 1953 oppdaga ein matematisk feil i Nordheims teori om elektron-tunnelen gjennom biletstyrken med avrunda barriere som vert nytta i teorien i feltet om utslepp av elektron.

Herbert Kroemer arbeidde i fleire forskingslaboratorium i Tyskland og USA og underviste i elektroteknikk ved University of Colorado frå 1968 til 1976. Han slutta seg til UCSB-fakultetet i 1976.

Herbert Kroemer er medlem av National Academy of Engineering. Saman med Charles Kittel er han medforfattar av den populære læreboka Thermal Physics (Termisk fysikk på norsk) som vart publisert for første gong i 1980, og som framleis er i bruk i dag.