Otto Stern
Otto Stern (17. februar 1888–17. august 1969) var ein tysk fysikar og nobelprisvinnar. Ti år etter at han flykta frå heimlandet til USA, vart han tildelt Nobelprisen i fysikk «for medverkinga si til utviklinga av den molekylære strålingsmetoden og oppdaginga hans av det magnetiske momentet til protonet»[1]
Stern fullførte studia sine ved Universitetet i Breslau i 1912 med ein doktorgrad i fysikalsk kjemi. Han følgde så Albert Einstein til Karlsuniversitetet i Praha og seinare til ETH Zürich. Stern mottok habilitasjonen sin ved Johann Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt i 1915 og i 1921. Han vart seinare professor ved Universitetet i Rostock, som han forlet i 1923 for å jobbe med det nyleg grunnlagte Institut für Physikalische Chemie ved Universitetet i Hamburg.
Etter at han gjekk av frå stillinga ved Universitetet i Hamburg i 1933 då nazistane tok over makta, vart han professor i fysikk ved Carnegie Institute of Technology, og seinare professor emeritus ved University of California, Berkeley.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Otto Stern» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1943» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 8. februar 2011.