Wikipedia:Visste du at-arkiv
Utsjånad
- ... Bob Dylan-songen «Murder Most Foul» i april 2020 vart den første songen hans som gjekk til topps på ei Billboard-liste i USA, 58 år etter den første utgjevinga hans?
- ... musikkalbumet Chuck av Chuck Berry kom ut i juni 2017, heile 38 år etter det førre albumet hans?
- ... flatmakken Baracktrema obamai blei oppkalla etter president Barack Obama som ei heidersgåve frå oppdagarane?
- ... berre 13 % av innbyggjarane i Qatar er nasjonale qatararar, medan resten er utanlandske arbeidarar?
- ... eit rekordkraftig høgtrykk over Skandinavia i oktober 2016 er knytt til uvanleg låge verdiar av den arktiske oscillasjonen?
- ... ei gruppe forskarar konkluderte med at «We Are the Champions» av Queen er den mest fengande songen i popmusikkhistoria?
- ... librasjon er små svingingar i rørsla til månen, som gjer at ein kan sjå meir enn halvparten av måneoverflata frå jorda?
- ... veka då David Bowie døydde i januar 2016, gjekk heile 19 av albuma og 13 av singlane hans inn på den britiske album- og singellista?
- ... byen Ashkelon i Israel, via det latinske namnet Ascelonia, har gjeve opphav til namnet på sjalottlauken?
- ... astronomen Caroline Herschel var den første vitskapskvinna som fekk betalt for arbeidet sitt?
- ... Sirius vil vere den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen dei neste 210 000 åra?
- ... «Love Hurts», i Nazareth sin versjon, er den songen som har vore lengst på VG-lista Topp 10 med heile 61 veker, 14 av dei på toppen av lista?
- ... 3 000 år gamle bikubar i Rehov i Israel er dei tidlegaste spora som er funne etter biavl?
- ... Byblos truleg er den eldste byen i verda og at namnet via det greske ordet for papyrus var opphav til namnet på Bibelen?
- ... rubinar i røynda er eit aluminiumoksid farga raudt av små mengder krom?
- ... petrichor er namnet på lukta etter regn og hovudsakleg kjem av aktinobakteriar?
- ... johannesbrødtre har gjeve opphav til måleininga karat, fordi frøa frå treet har konstant vekt og difor vart nytta av tidlege apotekarar og juvelerar?
- ... Ma'loula er ein av berre tre landsbyar i verda der den vestlege dialekten av arameisk, som er dialekten som er nærast språket Jesus nytta, framleis vert tala?
- ... Grautfatet ligg ved sida av Grautskåla?
- ... Don Juan Pond i Antarktis er den saltaste innsjøen i verda med eit saltinnhald på 40 %, som gjer at han sjølv i temperaturar ned mot -50 ºC ikkje frys til is?
- ... Una's Tits, eller «Puppene til Una» på norsk, er det offisielle namnet på to høge, spisse klipper i Antarktis?
- ... Lambertbreen i Antarktis er den største isbreen i verda med ei lengd på 400 km og ei breidd på 100 km?
- ... snøballjorda er ein teori om at jorda for opp under éin milliard år sidan kan ha vore fullstendig dekt av is og snø?
- ... Larsen B-isen, ein over 3250 km² stor isbrem i Antarktis, forsvann på berre tre veker i 2002, etter å ha lege stabil i minst 12 000 år?
- ... havnivået endrar seg med kring 3 mm per år, noko som er venta å auke raskt i framtida?
- ... Damestenen veks kvar gong han luktar nybakt brød?
- ... ein kan sjå eit lys om ein gnir to sukkerbitar mot kvarandre i mørkret, ein effekt kalla triboluminescens?
- ... måleininga mil stammar frå den romerske måleininga passus eller dobbelskritt, der milia passum syner til «tusen skritt»?
- ... to forskjellige versjonar av You've Lost That Lovin' Feelin', originalen til The Righteous Brothers og ein versjon av Cilla Black, samstundes låg inne på Topp 5 på singellista i Storbritannia tidleg i 1965?*... vårlauk er ei nemning for matlauk hausta tidleg, før laukdanninga er blitt markert.
- ... det stod ei flaggstong midt på fotballbanen på Sandvika stadion (tidlegare Kadettangen stadion) den første tida det vart spelt fotballkampar der?
- ... Noregs Fotballforbund mottok 158 000 skriftlege søknadar frå folk som ville ha billett til cupfinalen i 1945?
- ... fram til 1972 fekk ikkje lag frå Nord-Noreg lov til å spele i den norske eliteserien i fotball, og fram til 1. divisjon starta i 1963 heller ikkje lag frå Sogn og Fjordane?
- ... afrikanskfødde Septimius Severus av Romarriket snakka latin med aksent?
- ... Okloreaktoren i Gabon er den einaste naturleg kjernereaktoren ein kjenner til og at han for 1,7 mrd. år sidan skapte like mykje energi som eit moderne kjernekraftverk gjer på 10 år?
- ... ordet «avokado» stammar frå nahuatl-ordet ahuacatl som også tyder ‘testikkel’?
- ... Vinson Massif er det høgaste fjellet i Antarktis (4 892 moh), men vart først oppdaga i januar 1958?
- ... fordi eit takyon, om det finst, flyttar seg raskare enn lyset så kan me ikkje sjå når det kjem, men etter at det har passert vil me kunne sjå to bilete av det som går i kvar sin retning bort frå oss?
- ... songen «Computer Love» av tyske Kraftwerk frå 1981 vart nytta som grunnlag for melodien i Coldplay-songen «Talk» i 2005?
- ... nordmannen Nicolai Hanson var den første personen som omkom og vart gravlagd på Det antarktiske kontinentet, under Southern Cross-ekspedisjonen i 1898?
- ... Jøkulkyrkja i Antarktis med ei høgd på 3 148 moh er det høgaste fjellet i Dronning Maud Land og dermed områda som vert rekna til kongeriket Noreg?
- ... det var den engelske legen William Gilbert som på 1500-talet gav namn til elektrisitet, kalla opp etter electron, det latinske namnet for rav?
- ... Commonwealth Bay i Antarktis er den mest forblåste staden i verda med ein årleg middelvind på 22 m/s (80 km/t, liten storm) og vindar ofte over 66 m/s (240 km/t)?
- ... eit fransk mannskap som forliste ved og stranda på Crozetøyane i 1887 klarte å feste ei melding til ein albatross, som vart funnen sju månader seinare i Australia? Mannskapet vart likevel aldri berga.
- ... Caroline Mikkelsen, kona til kvalfangarkapteinen Klarius Mikkelsen, var den første kvinna som nokon gong sette fot på det antarktiske kontinentet?
- ... Slavutytsj er ein by i Ukraina som vart bygt for å huse alle som flytte ut av evakueringssonen etter Tsjernobylulukka?
- ... ein togstasjon meint for Alexandria i Egypt i 1906 feilaktig vart bygd i den tyrkiske byen Dalaman?
- ... at det finst ein by i Tyrkia som heiter Batman?
- ... etter å ha leita etter det sidan 1963 vart det 4. juli 2012 stadfesta at Higgs-bosonet er funne i CERN i Sveits?
- ... Ragundasjön er ein tidlegare innsjø i Sverige som vart tømd på katastrofalt vis i 1796?
- ... Neft Daşları er ei gruppe kunstige øyar og eit oljefelt i Kaspihavet utanfor Baku i Aserbajdsjan, hovudsakleg bygd opp i 1950-åra, med ein fullt utvikla by?
- ... det i mineral funnen i Ytterby gruve i Sverige på 1700-talet vart oppdaga ikkje mindre enn sju nye grunnstoff, og at fire av desse, erbium, ytterbium, terbium og yttrium, alle er kalla opp etter gruva?
- ... grensa mellom Finland og Sverige vart trekt mellom mellom to øyar i Bottenviken i 1809, men at desse øya sidan har vorte til den enkle øya Kataja på grunn av landheving?
- ... mjølkesjokoladen vart oppfunnen i Vevey i Sveits av Daniel Peter i 1875?
- ... vatn som renn av fjellet Piz Lunghin i Sveits kan hamne anten i Nordsjøen, Middelhavet eller Svartehavet via høvesvis Rhinen, Po og Donau?
- ... Lac souterrain de Saint-Léonard er den største underjordiske innsjøen i Europa med ei lengd på 300 m?
- ... demninga Grande Dixence i Sveits er den høgaste i Europa med ei høgd på 285 meter?
- ... forfattaren Daniel Defoe la føringar for spionasje som sidan danna grunnlaget for dagens britiske Secret Service?
- ... mellomdistanseløparen Audun Boysen sette sin langvarige rekord på 800 meter i eit løp han ikkje vann?
- ... det norske rockebandet Dum Dum Boys er kalla opp etter ein Iggy Pop-song frå albumet The Idiot?
- ... Westward Ho!, kalla opp etter ein Charles Kingsley-roman, er den einaste staden i Storbritannia med utropsteikn i namnet?
- ... forfedrane til George Washington utvandra frå Washington i Tyne and Wear i England fordi dei ironisk nok var rojalistar?
- ... slaget ved Almansa under den spanske arvefølgjekrigen truleg var det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane kommandert av ein franskmann kjempa mot dei franske styrkane kommandert av ein brite?
- ... Led Zeppelin-songen «D'yer Mak'er» på engelsk vert uttalt på same måte som Jamaica (dʒəˈmeɪkə) og viser til ein gammal vits?
- ... det finst eit ironiteikn med form som eit omvendt spørjeteikn?
- ... den første mandsjukeisaren som herska over heile Kina kom til makta sju år gammal?
- ... eddik kan lagast av ulike alkoholdrikkar og eddiksyrebaktriar, slik at ein mellom anna kan få vineddik, spriteddik, frukteddik, øleddik og malteddik?
- ... blomen aurikel har namn frå latin auricula som tyder 'lite øyre'?
- ... balsa er rekna som eit av dei lettaste trevirka i verda?
- ... itacolumitt er ein bergart som er så fleksibel at tynne heller av han kan bøyast utan at dei sprekk?
- ...xantofyll står bak gulfargen til eggeplommer og haustlauv?
- ... det amerikanske folkrockbandet Buffalo Springfield vart kalla opp etter produsenten av ein dampvegvals som tilfeldigvis stod utanfor huset til eit av bandmedlemmene?
- ... den kanadiske rockeartisten Neil Young i 1983 vart saksøkt av Geffen Records fordi han ikkje høyrtes ut som Neil Young?
- ... den norske presten Mikkel Escholt, som levde på 1600-talet, var den første i verda til å bruke ordet «geologi» i den moderne tydinga av ordet?
- ... under ei framsyning av ein opera av Francesco Cavalli i Paris, vart det dansa til ein ballett av Jean-Baptiste Lully i pausane, der Ludvig XIV av Frankrike hadde danserolla som sola, og at han etter dette vart kalla «solkongen»?
- ... det står eit fullt møblert busskur på øya Unst i Shetlandsøyane med mellom anna sofa og fjernsyn?
- ... øya Eilean-a-beithich i Slate Islands i Skottland forsvann fordi det vart brote for mykje stein der?
- ...Isle of Ewe i Hebridane i Skottland er eit populært reisemål for kjærastepar fordi uttalen liknar særs mykje på I love you?
- ...Joseph Haydn sine symfoniar tel 108 som har overlevd fram til vår tid, og har gjeve han tilnamnet «symfonien sin far»?
- ...den heilage Hallvard ifølgje soga vart drepen med tre pilar og søkkt med ein mylnestein om halsen, men flaut seinare opp med frisk hud og ein levande vidjekvist ved halsen?
- ...runer i Hagia Sofia syner at norrøne reisande laga graffiti medan dei oppheldt seg i Miklagard?
- ...geil er eit namn på fegate som har gjeve opphav til norske stadnamn?
- ... Portsea Island er den tredje mest folkerike av Dei britiske øyane etter Storbritannia og Irland?
- ... Mull of Kintyre er ein av to stader på Dei britiske øyane der ein frå land kan sjå Storbritannia og Irland samstundes?
- ... himmelen er blå på grunn av rayleigh-spreiing av sollys i atmosfæren?
- ... den spanske byen L’Hospitalet de Llobregat har den høgaste folketettleiken i heile Den europeiske unionen med nesten 21 000 innbyggjarar per km²?
- ... symbolet til Campaign for Nuclear Disarmament frå 1958 seinare vart det kjende universelle fredssymbolet?
- ... Little Deuce Coupe og Surfer Girl, to album av The Beach Boys, vart gjeven ut med berre ein månads mellomrom i 1963?
- ... skjelgribben har vore observert i høgd på 11 300 moh?
- ... kinasjakk ikkje kjem frå Kina, men vart oppfunne i Tyskland i 1893, under namnet «Stern-Halma»?
- ... zirkon er det eldste mineralet ein kjenner til, 4406±8 millionar år gammalt?
- ... tyrannar er den største gruppa av fugleartar som er samla i ein familie i verda?
- ... i Sierra Nevada i Spania på 37 ºN ligg det sørlegaste skisenteret i Europa?
- ... Vesle Donau er ei grein av Donau i Slovakia som renn tilbake i Donau via elva Váh?
- ... skjelgribben har vore observert i høgd på 11 300 moh?
- ... Green Park, Hyde Park, Kensington Gardens og St. James's Park er fire parkar som dannar ei grøn lunge i det sentrale London?
- ... eit enkeltpersonføretak sitt føretaksnamn må innehalde eigaren sitt slektsnamn?
- ... Kepler-teleskopet er eit NASA-romteleskop og -fotometer som skal leita etter jordliknande planetar?
- ... songen «Happy» av The Rolling Stones hovudsakleg blei skriven i ein villa sør i Frankrike og spelt inn i kjellaren?
- ... Windows 1.0 var første forsøket til Microsoft på eit grafisk brukargrensesnitt for PC som kunne køyre fleire oppgåver (såkalla multitasking) samstundes?
- ... garden Listveiten på Radøy var delt opp til sju småbruk frå 1800-talet før han etter 1950 på nytt blei samla til eitt bruk?
- ... dvergsvana vert rekna som den fuglearten med flest fjør, i gjennomsnitt over 25 000?
- ... Magas, hovudstaden i Republikken Ingusjetia, er den minste byen i heile Russland med berre 354 innbyggjarar i 2008?
- ... den minste fuglen i verda er bikolibrien med ein masse på omlag 1,8 gram? Den største kolibriarten, kjempekolibrien, veg ti gonger meir.
- ... jordsmonnet ved Norilsk i Sibir er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstar av platina og palladium frå jorda?
- ... sjukdommen pest, som låg bak Svartedauden i Noreg, framleis har ein insidens på ni tilfelle pr. 100 000 innbyggjarar på Madagaskar?
- ... det er framsett mange konspirasjonsteoriar som hevdar at månelandingane aldri skjedde?
- ... den spanske admiralen Blas de Lezo vart kalla «halvmannen» (mediohombre) fordi han i tre forskjellige militære slag mista venstrefoten, venstre auga og høgre armen?
- ... slaget ved Cartagena de Indias i 1741 var den største militære operasjonen til sjøs før D-dagen i 1944 og involverte mellom anna 186 britiske skip?
- ... Petropavlovsk-Kamtsjatskij lengst aust i Russland er den nest største byen i verda som ikkje har vegsamband til resten av verda?
- … då Paris-Madrid-løpet for bilar og motorsyklar i 1903 vart stogga ved Bordeaux, var 8 personar omkomne og halve feltet hadde havarert?
- … småbarnsmora Birgitte Cathrine Boye, kjend som «kvinna med høgtidsversa», skreiv 146 salmar til salmeboka som vart autorisert i 1778?
- … Ulan-Ude er eit knutepunkt mellom den transsibirske og den transmongolske jernbanen?
- … Øvre Årdal sokn vart oppretta samstundes med at soknekyrkja Farnes kyrkje stod ferdig?
- … under filminga av filmen Max Manus i 2008 vart Nazi-Tyskland sitt flagg heisa på taket på Stortinget fyrste gong på over 60 år?
- ...kong Fredrik den store av Preussen under slaget ved Leuthen slo den 80 000 mann store austerrikske hæren med ein hær som var under halvparten så stor?
- ...ein av dei varmaste kvite dvergane som ein kjenner til ligg i den planetariske tåka NGC 2440, og at han har ein overflatetemperatur på nesten 200 000 °C?
- ...at Sogn og Fjordane er venskapsfylke med den kinesiske provinsen Ningxia?
- ...at det er ei fyrlykt i tårnet på Fredrikstad domkyrkje?
- ...Kråkenes fyrstasjon er så utsett for vêr og vind at målingsprodusenten Jotun testar ut måling her?
- ...songen «Can’t Buy Me Love» av The Beatles var ein av fem singlar av gruppa som samstundes låg på dei fem øvste plassane på den amerikanske singellista i 1964?
- ...Chuck Berry har vore dømd til fengsel tre gonger, ein gong for væpna ran, ein gong for menneskehandel og ein gong for skattesnusk?
- ...ein av dei varmaste kvite dvergane som ein kjenner til ligg i den planetariske tåka NGC 2440 (bilete), og at han har ein overflatetemperatur på nesten 200 000 °C?
- ...havoverflatetemperaturen i tropane i krittida truleg var så varmt som 42 ºC på det varmaste, 17 ºC varmare enn i dag?
- ...oksygenkatastrofen tok livet av nesten alt liv på jorda for 2,4 milliardar år sidan på grunn av det oppstod oksygen, som vart giftige for organismane på den tida, i atmosfæren?
- ...den totale eksplosive energien utløyst av dei 224 atomprøvesprengingane på Novaja Zemlja tilsvara 265 megatonn TNT, samanlikna med berre totalt to megatonn for samtlege eksplosiva nytta under andre verdskrigen?
- ...det fanst mammutar på Wrangeløya fram til 1700 f.Kr., dei sistlevande mammutane ein kjenner til?
- ...Severnaja Zemlja, ei russisk øygruppe nord for Sibir med nokre av dei større øyane i verda, først vart oppdaga i 1913 og dermed vart det siste store landområde som vart oppdaga på jorda?
- ...Ringnesøyane i den russiske øygruppa Monaøyane er kalla opp etter det norske bryggeriet Ringnes?
- ...ein reknar med at delar av den 280 000 lysår lange halen til Rumpetrollgalaksen etter kvart vil brekka av og danna nye galaksar som vil krinsa rundt modergalaksen?
- ...Timişoara i dagens Romania, den gong i Austerrike-Ungarn, i november 1884 vart den første byen i Europa som fekk elektriske gatelys?
- ...Ceauru er namnet på ein kunstig innsjø i Romania som styresmaktene vart lurt til å tru stod ferdig i 1968 og trass i at han aldri vart bygd så er han framleis teikna inn på kart over området i dag?
- ...øya Ada Kaleh i Donau var ein tyrkisk enklave i Romania fram til 1923 og at ho i 1970 vart lagt under vatn då Jernporten vart bygd?
- ...då Spania sitt herrelandslag vann EM i fotball 2008 var dei det andre laget i historia som klarte å vinne alle kampane i sluttspelet?
- ...temperaturen i London midtvinters er om lag fem grader høgare enn i områda rundt, grunna all varmen storbyen genererer?
- ...Skulesongboka til Mads Berg er trykt i ein million eksemplar sidan ho fyrste gongen vart utgjeven i 1914?
- ...vatnet i Engavatnet i Brønnøy stundom kan forsvinne heilt på grunn av grottesystem under vatnet og at dette kan skje så raskt at fisk vert liggande igjen på botn?
- ...Christian Reithmann fann opp firetaktsmotoren i 1860, 17 år før Nikolaus August Otto, som òg tok patent på oppfinninga?
- ...elva Rawa i Polen visstnok var så forureina tidleg i 1990-åra at ho berre inneheldt 14 % vatn då ho rann ut av Katowice?
- ...Oppstadåa i Hedmark er ei av to elvar i Noreg som kan renne begge vegar?
- ...vatnet i Engavatnet i Brønnøy stundom kan forsvinne heilt på grunn av grottesystem under vatnet og at dette kan skje så raskt at fisk vert liggande igjen på botn?
- ...Femunden var nest største innsjø i Noreg fram til Røssvatnet vart regulert i 1957?
- ...Parasittiske larver av taglmakk kan påverka vertane sine til å drukna seg når larveutviklinga er ferdig?
- ...Vefsnfjorden er den første forureina fjorden i Noreg som etter aktivt miljøarbeid har vorte friskmeld av Mattilsynet?
- ...Karmsundet på austsida av Karmøy og nord til Haugesund tidlegare vart kalla «Nordvegen» og at dette truleg var opphavet til namnet «Noreg»?
- ...ein glødelampe stråler ut 10 000 gonger så mykje varmestråling per areal som ein lekam med romtemperatur?
- ...det første huset i Almere vart bygd i 1976, men at byen i dag likevel er den åttande største i Nederland med 180 000 innbyggjarar?
- ...det tok åtte år å forhandle fram freden i Westfalen, fredsavtalen som enda tretti- og åttiårskrigen?
- ...skipet i domkyrkja i Utrecht kollapsa då byen vart råka av ein tornado i 1674?
- ...berre fluger av slekta Chiastocheta greier finne vegen mellom blomsterblada slik at dei kan pollinere ballblomen?
- ...den kunstige øya Ada Bojana på nesten 5 km² i Montenegro vart danna då eit skip sokk ved munningen av elva Bojana og avleiringar samla seg kring skipet?
- ...somme termofile mikroorganismar som lever i varme kjelder kan veksa ved temperaturar på så mykje som 121°C?
- ...Valletta, hovudstaden på Malta, berre er den 27. største byen i landet?
- ...Ġgantija med ein alder på meir enn 5500 år er dei eldste frittståande strukturane, og dei eldste religiøse byggverka i verda, sjølv eldre enn pyramidane i Egypt og Stonehenge?
- ...ekstremvêret Tuva var det første som råka kyststrekninga frå Agder til svenskegrensa sidan Gudrun i januar 2005?
- ...hovudbelteasteroide 116 Sirona er kalla opp etter den keltiske gudinna for astronomi?
- ...hundedagane har fått namnet sitt frå hundestjerna?
- ...det er påvist at menneskele har brukt eld i minst 300 000 år?
- ...luxembourgsk geografi, trass i storleiken på landet, er variert og inneheld viktige verneområde?
- ...vengene til humla ber ho fordi vengene går som propeller som både gir kraftig oppdrift og framdrift. Dette gjer at ho òg kan bere pollenkorger på føtene.
- ...Liechtenstein og Usbekistan er dei einaste landa i verda utan kyst som grenser til andre land som heller ikkje har kyst?
- ...namnet på den nye samiske dagsavisa som blir resultatet av samanslåinga av Min Áigi og Áššu vart kunngjort 18.1? Den nye avisa skal heite Ávvir, og ho skal kome ut til Samefolkets dag 6. februar.
- ...den vel tusen kilometer lange elva Tsju i Kirgisistan og Kasakhstan ikkje munnar ut i ein innsjø eller ei elv, men berre tørkar ut på den kazakhstanske steppa?
- ...Aralsjøen tidlegare var den fjerde største innsjøen i verda, men no berre er 25 % av den opphavlege storleiken og delt i tre mindre innsjøar?
- ...byen Pistoia i Italia har gjeve namn til pistolen, som ein produserte her på 1500-talet?