Hevelse i hjernen, hjerneødem, er ein svært alvorleg type ødem. Dette fordi hjernen ligg i skallen, som er eit lukka rom som ikkje kan utvide seg. Når hjernen då blir ødematøs, vil trykte i skallen auke, som kan leggje press på hjernestammen og redusere blodomløpet i hjernen. Dette er livstruande.
Papilleødem betyr hevelse (oppsvulming) i hovudet til synsnerven i auget (synsnervepapillen). Dette er ofte eit teikn på sjukdommar i synsnerven eller auka trykk i skallen.
Hevelse i lungene, lungeødem, er òg svært alvorleg, då det kan gi problem med utvekslinga av oksygen og karbondioksid i lungene.
Lymfødem er ødem i kroppen på grunn av nedsett drenasje i lymfesystemet. Dette er oftast grunna skade på lymfesystemet, oftast etter fjerning av lymfeknutar i samband med kreftbehandling, til dømes ved brystkreft. Lymfødem kan òg oppstå av andre årsaker eller vere medfødd.
Angioødem er ein flyktig hevelse i hud og slimhinner som kjem av ei kraftig utviding av blodårene i vevet. Hevelsane oppstår oftast i ansiktet, særleg i augnelokka, leppene og eventuelt i svelget, og er vanlegvis utløyst av ein allergisk reaksjon.
Myksødem er eit teikn på alvorleg lågt stoffskifte der huda blir pløsete og fortykket. Namnet er misvisande då det ikkje er ødem til stades, men heller ein auke av karbohydrat i underhuda.
Pretibialt myksødem er eit teikn på alvorleg Graves sjukdom der det òg oppstår ein auke av karbohydrat i underhuda, hovudsakleg føre tibia (skjenebeinet), som gir ei fortjukking av huda her.
Lipødem er ein medfødd sjukdom der det er auka mengder feittvev i underhuda, hovudsakleg i beina. Namnet er misvisande då det ikkje er ødem til stades, men heller mengda av feittvev som er større enn normalt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.