Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 32
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 3. mars 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Varaldsøy er ei øy og en tidlegare kommune; øya ligger i dag i Kvinnherad kommune, Vestland fylke, den tidlegare kommunen lå i Hordaland fylke.

Øya Varaldsøy er 45,4 km² og har 180 innbyggjarar (2023). Berggrunnen på øya består hovudsakleg av skifer med førekomstar av blå og kvit marmor, og er berglendt med stort sett avrunda former. Det høgaste punktet på øya, Varden på Øyefjellet i nordaust, er 599 meter over havet.

Varaldsøy er skogrik, og eføy og kristtorn veks vilt. Eit 650 dekar stort edellauvskogområde er freda som naturreservat. I reservatet veks mellom anna Nord-Europas største barlind.

Ved Volavatna i Volaheiane nordaust på Varaldsøy blei det i 1866 funne svovelkis (sjå pyritt). Eit engelsk selskap stod for drifta, som varte fram til slutten av 1800-tallet. Seinare har det berre vore periodevis drift, og seinast i 2010 og 2013 var det prøveboringar i området med sikte på førekomstar av andre metall som opptrer saman med svolvelkis (kopar, sink, sølv, gull).

Frå Varaldsøy ferjekai sørvest på øya er det samband til Årsnes nord for Rosendal på austsida og til Gjermundshamn på vestsida av fjorden.

Den tidlegare kommunen Varaldsøy vart oppretta i 1902 ved utskiljing frå den dåverande Strandebarm kommune. Varaldsøy kommune besto fram til 1965 av øya med same namn, samt Mundheim-området på vestsida av Hardangerfjorden. Då vart Mundheim-området lagt til Kvam kommune og øya Varaldsøy til Kvinnherad.

Varaldsøy kommune utgjorde 83 km² og hadde 811 innbyggjarar då han blei nedlagd.