Alexander McCall Smith er ein britisk (skotsk) forfattar. Han var professor i medisinsk jus, men gjekk over til å bli fulltidsforfattar då bøkene hans blei svært populære. Smith er ein bestseljande forfattar både i Storbritannia og internasjonalt. Serien Damenes detektivbyrå nr. 1 har selt over 20 millioner eksemplar.
Alexander McCall Smith
Faktaboks
Sandy McCall Smith
- Uttale
-
smiþ
- Fødd
- 24. august 1948, Bulawayo, Sør-Rhodesia (dagens Zimbabwe)

Bakgrunn
Alexander McCall Smith vaks opp i Zimbabwe (dåverande Sør-Rhodesia) og fekk første delen av utdanninga si der. 17 år gammal reiste han til Skottland, der han studerte jus ved University of Edinburgh. Etter oppnådd doktorgrad underviste han ein periode ved Queen's University Belfast i Nord-Irland. Han kom tilbake til Skottland og var professor i medisinsk jus ved University of Edinburgh og andre universitet inntil han blei forfattar på fulltid.
Forfattarskap

Smith debuterte som skjønnlitterær forfattar med barneboka The White Hippo i 1980. Men det var romanserien om Mma Precious Ramotswe, den kvinnelege hovupersonen som bur og arbeider i Botswana, som gjorde han til ein kjend og populær barnebokforfattar. Serien Damenes detektivbyrå nr. 1 har selt over 20 millionar eksemplar.
Smith, som er ein uvanleg produktiv forfattar, har også skrive andre bokseriar som er blitt populære. Desse inkluderer Isabel Dalhouise-romanane, Professor Dr von Igelfeld-serien og The 44 Scotland Street-romanane. I 2022 kom Love in the time of Bertie, som er bok nummer 15 i serien om innbyggjarane i The 44 Scotland Street.
Han har også skrive ein ny serie barnebøker, The School Ship Tobermory. Bøkene hans er omsette til 46 språk.
Damenes detektivbyrå nr. 1
Serien Damenes detektivbyrå nr. 1 står sentralt i Smiths store produksjon. Frå 1998 til 2021 publiserte han 22 romanar i denne serien. Hovudpersonen er Mma Precious Ramotswe, som startar og driv sitt eige detektivbyrå i Mochudi, landsbyen i Botswana der ho bur. Precious Ramotswe meiner at for å kunne løyse problem ho står overfor som detektiv, må ho kjenne folket og landet, og Botswana fungerer nærast som ein romanperson i bøkene. Smith formidlar eit positivt og nyansert inntrykk av Botswana-samfunnet. Med humor og psykologisk innsikt skildrar han personar som trass i ytre press og vestleg påverknad prøver å halde tradisjonelle verdiar i hevd.
Smiths bøker kombinerer ei rekke kvalitetar som gir dei ein unik lesarappell. Blant desse kvalitetane er koplinga av ei særeigen form for generøsitet overfor romanpersonane han skaper og ein tørr humor.
Han har også skrive noveller og sakprosa, mellom anna (saman med J. Kenyon Mason) læreboka Medico-legal Encyclopaedia (1987).
Omsetjingar til norsk
- Akimbo and the Lions (1992). Akimbo og løvene; Akimbo og løvene. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2006.
- The No. 1 Ladies' Detective Agency (1998). Damenes detektivbyrå nr 1. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2005.
- Tears of the Giraffe (2000). Sjiraffens tårer. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2005.
- Morality for Beautiful Girls (2001). Moral for vakre piker; Skrivemaskinkurs for menn. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2011.
- The Full Cupboard of Life (2003). Livets godteskap. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2008.
- In the Company of Cheerful Ladies (2004). Damer med hjerterom. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2007.
- Blue Shoes and Happiness (2006). Blå sko og lykke. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen, 2009.
- The Good Husband of Zebra Drive (2007). Den gode ektemann. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2009.
- The Good Husband of Zebra Drive (2007). Den gode ektemann. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen, 2010.
- The Miracle at Speedy Motors (2008). Miraklet på Speedy Motors. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2011.
- Precious and the Monkeys (2010). Det store kakemysteriet. Precious Ramotswes aller første sak. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2012.
- Tea Time for the Traditionally Built (2009). Tetid for damer med tradisjonell figur. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2013.
- The Double Comfort Safari Club (2010). Ekstra bekvemt på safariklubben. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2013.
- The Saturday Big Tent Wedding Party (2011). Den store bryllupsfesten. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2014.
- The Limpopo Academy for Private Detection (2012). Privatdetektivakademiet i Limpopo. Oms. Toril Hanssen. Oslo: Cappelen Damm, 2014.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.