Arvid Hanssen var journalist, forfattar og lyrikar. Gjennom romanar, dikt og manuskript for film og scene har han løfta fram natur og levekår i Nord-Noreg, funksjonsnedsettingar og fattigdom som litterære emne. Som diktar er han påverka av Alf Prøysen.
Hanssen vart fødd i Vika på Senja. Som 16-åring fekk han poliomyelitt, noko som gjorde han funksjonshemma og sette sterkt preg på livet hans seinare. Han arbeidde lenge som journalist i Senjens Blad, periodevis også som redaksjonssekretær og redaktør. I 1972 vart avisa nedlagd, og Hanssen byrja å skrive bøker på heiltid.
Som forfattar var Hanssen produktiv og allsidig. Han har gitt ut ei rekkje barnebøker, men det er dikta og vaksenromanane hans som har blitt mest folkekjære. Mange av miljøskildringane sine har Hanssen henta frå dei nordnorske kystbygdene han kjende så godt, og han er sett på som ein av dei fremste formidlarane av nordnorsk kultur. Samstundes er det mykje allmenngyldig i tekstane hans. Fleire av bøkene hans er omsette til svensk, dansk og samisk, og mange av dikta hans er nytta som visetekstar. I 1993 vart han statsstipendiat.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.