Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Harald A. Nissen

Harald August Nissen

Fødd
3. mai 1963, Trondheim, Trøndelag
Harald A. Nissen før Stortingsvalet i 2013.
Harald A. Nissen før Stortingsvalet i 2013.
Av /NTB.

Harald A. Nissen er ein norsk historikar, musikar, aktivist og tidlegare nasjonal talsmann for Miljøpartiet Dei Grøne (MGD) i 2011—2014.

Bakgrunn

Harald August Nissen er fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han gjekk vidaregåande skule i Trondheim i 1979–1982, tok hovudfag i historie ved NTNU i 1996 og er doktorgradsstipendiat i mellomalderhistorie same staden.

Politisk karriere

Nissen har vore medlem av Miljøpartiet Dei Grøne sidan 1991 og var vararepresentant for Dei Grøne i bystyret i Trondheim i 1991–1995 og hadde fast plass i 2003–2011. I perioden 2011–2015 var han den første bystyrerepresentanten for Dei Grøne i Oslo. Ved valet i 2013 var han førstekandidat til Stortinget for Sør-Trøndelag MDG. Nissen var nasjonal talsmann for MDG 2011—2014. Dei politiske hjartesakene til Nissen er kulturpolitikk, grøn byplanlegging og utviklinga av den norske rettsstaten.

Musikk, kunst og litteratur

Han var vokalist i gruppene Det Glade Vanvidd (1984–1989) og Albino Slug (1990–1993), han har og vore med i performancegruppa The Four og i Ungdom For Fri Aktivitet (UFFA). Han etablerte og var redaktør for undergrunnsmagasinet Folk & Røvere (1986–1994).

Anna engasjement

Nissen har vore aktiv i arbeidet for å bevare bydelen Svartlamoen i Trondheim og har vore leiar for Svartlamoen Næringsstiftelse.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg