Kamelen
Faktaboks
Marcus Kabelo Møll Mosele
Slim Kamel
- Fødd
- 1993, Bergen
Bakgrunn
Marcus Kabelo Møll Mosele er fødd i Bergen. Han bruker artistnamna Slim Kamel og Kamelen. Kamelen debuterte og slo igjennom med låten «Sei ingenting» i 2015. Han har i åra sidan vore ein av dei mest omtalte norske rapperane. Dette er både på grunn av hitsinglar som «Creme De La Creme» (2021) og «Fakk Min X» med Ballinciaga (2022), og på grunn av fleire kontroversielle situasjonar.
Musikkarrieren
Kamelen debuterte med låten «Si ingenting» i 2015. Sidan har rapparen gitt ut låtar som «Kjeltring» (2016), «Hon e fin» (2018), «Vil ba vekk» (2019) og «Creme De La Creme» (2021). Albumet Ambivalent kom i 2017, etterfulgt av albumet KINGPIN SLIM (2019) og albumet #FRIKJENT (2021), med fleire utgjevne singlar innimellom desse. I 2024 kom albumet MEST ELSKET & Hatet.
Tekstuniverset krinsar om forholdet mellom mann og kvinne. Han er kritisk til korleis makthavarane, og då særleg politiet, bruker makta si. Det ser vi til dømes i låten «Si ingenting». Eit underliggjande tema i tekstane hans er draumen om ein dag å leve eit lovlydig liv. Dette vert særleg reflektert i tittelen på albumet #FRIKJENT frå 2021. Kamelen hamna i nyhendebiletet også utanfor det norske rappmiljøet då han i 2015 prøvde å stikke av frå varetektsfengsel. I 2017 avslutta han ei tjue månader lang fengselsstraff for vald.
Kamelen rappar på dialekt, men har mange innslag av slang frå andre språk, til dømes arabisk og engelsk.
Utmerkingar og film
Kamelen vart nominert i klassen Årets gjennombrot under Spellemannpris-utdelinga i 2018. I 2021 mottok han Spellemannsprisen i kategorien hiphop.
I 2022 kom dokumentarfilmen Si Ingenting på kino. Filmen som følgjer både artisten Kamelen og privatpersonen Marcus Mosele fekk gode meldingar og besøkstal. Filmen er regissert av Rolv Lyssand Bjørø.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.