Kieltraktaten er sett saman av 28 artiklar.
Overføring av Noreg til den svenske kongen var det sentrale punktet i avtalen. Artikkel fire slo fast at: «Kongen av Danmark frasier seg, så vel for seg selv, som for sine etterfølgere til tronen og til kongeriket Danmark, ugjenkallelig og for bestandig til fordel for kongen av Sverige og for hans etterfølgere til tronen og kongeriket Sverige, alle sine rettigheter og adkomster til kongeriket Norge». Dermed avslutta avtalen det 434 år lange statssambandet mellom Noreg og Danmark. I utkastet ved byrjinga av fredsforhandlingane stod det at Sverige var mottakaren av Noreg, men det vart altså endre til kongen personleg. Karl Johan sikra seg dermed Noreg for sine etterkommarar, sjølv om medlemmar av det førre dynastiet skulle komma tilbake på den svenske trona.
Avtalen gjorde Noreg til ein del av Sverige. Artikkel fire spesifiserte at: «kongeriket Norge [...] skal for fremtiden tilhøre kongen av Sverige med full eiendomsrett og suverenitet, og danne et kongerike forenet med det svenske». Dei gamle norske skattlanda Grønland, Færøyene og Island var derimot «ikke medregnet». Norske krav på desse fall difor bort. Tapet av suverenitet vart stadfesta i 1933, då den internasjonale domstolen i Haag dømde i den såkalla Grønlandssaken.
Det svenske utkastet til traktaten innlemma Noreg fullstendig i Sverige. I den endelege versjonen godtok Karl Johan derimot å verna om ei norsk særstilling, i form av eigne lovar, statlege institusjonar og landegrenser, og han gjekk med på å gje Noreg ein eigen konstitusjon. Artikkel fem i traktaten slo fast at: «Kongen av Sverige forplikter seg på den formeligste og mest forbindende måte, til å la innbyggerne i kongeriket Norge og dets tilhørende deler beholde nytelsen av deres lover, fritagelser, rettigheter, friheter og privilegier slik som de er for nærværende Tid». Kvifor teksten vart forandra, veit vi ikkje. Karl Johan kan ha ønska endringa, etter meldingar om fare for væpna opprør i Noreg. Samtidig ønska britane at det vart teke omsyn til nordmennene sin fridom.
Ved inngåinga av traktaten tok den svenske krona på seg ein tenkt norsk del av danskekongen si statsgjeld, som skulle reknast ut frå folketalet i dei to rika Danmark og Noreg. Fredsavtalen garanterte samtidig 1 million riksdalar til den danske krona for å utrusta styrkar til å kjempa mot Napoleon, men artikkelen vart halde hemmeleg. Skjult vart òg artikkelen som sikra danskekongen personleg eigedomsrett til grevskapet Larvik. I form for vederlag for Noreg overførte traktaten Frederik 6. det tyske landområdet Vorpommern frå Sverige.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.