Ludvig Wiese var ein norsk forretningsmann og ordførar på Lillehammer. Han var sentral i etableringa av dampskipsfart på Mjøsa og andre innsjøar i Sør-Noreg.
Ludvig Wiese
Faktaboks
- Fødd
- 15. juni 1792, Bergen
- Død
- 15. november 1853, Christiania, gravlagd på ein kolerakyrkjegard der, leivningane seinare flytta til Lillehammer kyrkjegard
- Verke
- Forretningsmann og lokalpolitikar
- Familie
-
Foreldre: Kjøpmann Georg Wiese (1728–1801) og Susanna Sophia Angell (1763–96).
Gift 1) med Johanne Margrethe Ravn (1782 (døypt 29.8.)–1823), dotter til urtekremmar Hans Ravn (1751–87) og Anna Holck Neunkirchen (1756–1839); 2) 12.9.1828 i Ringebu med Martha Marie Schive (1798 (døypt 2.5.)–29.8.1849), dotter til residerande kapellan, seinare sokneprest Søren Martinus Schive (1771–1827) og Helene Frederike Dochedahl (1773–1849).

Bronseskulptir. Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Bakgrunn
Wiese voks opp i Bergen og gjekk på latinskolen der. Som 15-åring meldte han seg frivillig da krigen braut ut 1807 (sjå napoleonskrigane i Noreg). Han avanserte til sekondløytnant, vart teken til fange av svenskane, men greidde å rømme attende til Noreg. Han tok avskjed frå hæren i 1812 og utdanna seg til handelsmann, men heldt på tittel og rang.
Tida i Lillehammer
Wiese busette seg på Lillehammer like etter at byen vart grunnlagt i 1827. Her vart han straks ein av byens driftigaste forretningsmenn og var den første i byen som stod i direkte forretningssamband med utlandet. Etter formannskapslova kom i 1837, vart han også medlem av formannskapet i byen. Wiese var den første ordføraren på Lillehammer, eit verv han hadde i fem år. I 1850 vart han valmann til stortingsvalet.
Wiese var med på å stifte Lillehammer høiere almenskole (1849) og tok initiativ til opprettinga av Lillehammer Sparebank (1841). I 1837–1840 var han utgjevar og anonym redaktør av den første avisa på Lillehammer, Oplands-Tidende, som seinare vart til Lillehammer Tilskuer. Han skreiv også om politikk og samfunnsspørsmål i opposisjonsblada Morgenbladet og Statsborgeren.
Dampskipsfart
Størst betydning fekk likevel Wiese som skaparen av dampskipstrafikken på innsjøane i Sør-Noreg. På Mjøsa gjekk fraktefarten med enkle båtar med mast og råsegl, og det vart sett på som uråd å få eit dampskip opp på Mjøsa. Wiese la fram ideen om å bygge eit skip av jern, frakte det dit stykkevis og sette det saman på staden. Han agiterte for dette i Storting og regjering, men vart sett på som ein svermar.
I 1839 gav Stortinget likevel eit lån av statskassa til å skaffe eit dampfarty på Mjøsa. Wiese drog til Storbritannia og slutta kontrakt med eit verft der om levering av eit jerndampskip. Skipsdelane vart førte til Christiania, køyrde til Minne og klinka saman der. Hjulbåten Jernbarden gjekk av stabelen i august 1840 og vart sett i fart på Mjøsa året etter. Tiltaket vart svært vellykka, og alt første driftsåret var båten betalt.
I 1843 kom ein ny båt, Dronningen, også den ein hjulbåt av jern. Denne vart mest brukt til passasjertrafikk. Då Jernbarden vart teken ut av trafikk i 1853, fekk Wiese ein kostbar blomstervase av sølv som takk av amtstinget og direksjonen, og av foreininga Handelens venner i Christiania fekk han eit taffelur av sølv med ein modell av Jernbarden som pendel.
Wiese stod også i spissen for å skaffe andre båtar på innsjøane, som Løven på Randsfjorden, Dale-Gudbrand på Losna (Gudbrandsdalslågen), Haakon på Øyeren i Akershus og i Telemark-båtane Stang på Norsjø og Olaf på Tokke. Gjennom etableringa av dampskipsfarten på Mjøsa var Wiese også av dei som var med på å arbeide fram den første norske jernbanen, frå Christiania til Eidsvoll. Han såg ikkje med glede på at det var britisk kapital som stod bak jernbanebygginga.
Utmerkingar og ettermæle
Wiese vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1851. Han døydde av kolera under eit opphald i Christiania i 1853 og vart først gravlagd der, men grava vart seinare flytta til kyrkjegarden på Lillehammer. I 1927, til byens 100-årsjubileum, vart det reist ein statue av Wiese på det gamle torget i Lillehammer.
Utgjevingar i utval
- Hvad er Aarsagen til den Opposition, som viser sig i Valgene til 7de Storthing?, i Statsborgeren, hefte 7, 1832, s. 1–15
- Om Dampskibsfart paa Mjøsen, i Morgenbladet nr. 226/1836
- Beretning om Foranstaltninger til Anskaffelse af et Dampskib i Mjøsen, i Oplands-Tidende nr. 27/1839
- Bidrag til Ideer om 4de overordentlige Storthings Medlemmer, (anonymt) Lillehammer 1839 (først trykt i Oplands-Tidende 1837–38)
- Om Nødvendigheden af gjensidig Forbindelse imellem Dampskibsfarten paa Mjøsen og Jernbanen derfra til Christiania, i Morgenbladet nr. 91/1851
- Kun nogle Momenter om den elektriske Telegrafs uberegnelige praktiske Nytte for Norge, i Morgenbladet nr. 199/1852
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Aa. O. Vinje: «Ludvig Wiese», i Ill.Nyh. 1853, s. 205–206 (også trykt i De Sandvigske Samlinger. Årsberetning 1925–27)
- Norsk forfatterleksikon, bd. 6, 1908
- BTid. 9.7.1927
- J. H. Olstad: Skibladner 1856–1981, Brumunddal 1981, s. 18–22
- J. Broch: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 19, 1983
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.