Formannsskifte i Arbeidarpartiet har det ikkje vore så mange av sidan samlingskongressen i 1927. Det var andre verdskrigen som sytte for skiftet frå Oscar Torp til Einar Gerhardsen i 1945, og då Trygve Bratteli tok over etter Gerhardsen i 1965 var han knapt til å kome forbi, endå det var fleire som prøvde. Desse to formannsskifta var likevel idylliske i høve til det politiske drama som følgde i etterkant av at Trygve Bratteli i 1974 kunngjorde at han ville trekkje seg som partiformann på landsmøtet i 1975.
Nordli verka tidleg som ein aktuell kandidat til å overta som partileiar og eventuelt statsminister etter Bratteli. Men samtidig var Reiulf Steen nestleiar i partiet og hadde sterke støttespelarar som føretrekte han framfor Nordli i dei same posisjonane. Steen vart av venstrefløya i partiet oppfatta som meir radikal og nytenkjande enn Nordli, særleg i utanrikspolitikken. I nyare tid har det knapt vore ein meir knallhard personstrid om toppverv i Arbeidarpartiet.
Det var Einar Gerhardsen som først orda frampå om delt leiarskap som eit kompromiss av omsyn til partifreden. Delt leiarskap i den forstand at partiformannen og statsministeren ikkje var same person, hadde Arbeidarpartiet svært blanda røynsler med. Det fungerte godt då Oscar Torp var formann og Johan Nygaardsvold var statsminister. Då sat Torp i regjeringa, men sjølv om han i førkrigsåra var usamd i den svake satsinga på forsvaret, så var han lojal mot statsministeren. Like godt gjekk det ikkje då Oscar Torp vart statsminister og partiformannen, Einar Gerhardsen, sat i Stortinget. Gerhardsen var den sterke og Torp fekk den vonde kjensla av å mangle ryggdekning frå gruppa.
Problemet med delt leiarskap i denne fasen var at partiet alt hadde ein statsminister, Trygve Bratteli, og han hadde ikkje varsla avgang som regjeringssjef. Skulle Gerhardsens ønskje gå i oppfylling, måtte Bratteli gå. Om det ikkje låg ein slik tanke bak, så var neppe Brattelis lagnad det som opptok Gerhardsen mest.
På Arbeidarpartiets landsmøte våren 1975 utfalda det seg ein open maktkamp mellom dei to fløyene. Den enda med eit kompromiss med delt leiarskap, der Steen vart valt til partileiar og Nordli peika ut til å overta som statsminister noko seinare, etter nærare avtale med Bratteli.
Løysinga landsmøtet valde viste seg å ikkje bli nokon stor suksess. Motsetningane og dei interne konfliktane i Arbeidarpartiet heldt fram, både om politikk og personar. Det kom særleg godt til syne i utanriks-, tryggleiks- og miljøpolitikken. Steen og Nordli greidde heller ikkje å utvikle noko nært og fortruleg samarbeid i dei fem åra som følgde før Gro Harlem Brundtland overtok.
Det er høgst usikkert korleis det ville ha gått på landsmøtet om det hadde blitt ei kampvotering om formannsvervet. Det var visstnok eit fleirtal for Nordli i valkomiteen, men eit fleirtal for Steen i landsmøtet. Debatten kunne ha blitt avgjerande, men det løyste seg altså ved at ein valde Gerhardsen sin utveg, ei delt løysing.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.