Ole Kristian Bonden er ein norsk teolog og biskop. Han har sidan januar 2023 vore biskop i Hamar bispedømme.
Ole Kristian Bonden
Faktaboks
- Fødd
- 8. februar 1970, Hamar
Utdanning
Bonden voks opp i Brumunddal. Han er utdanna cand.theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (MF vitenskapelige høyskole for teologi, religion og samfunn) i 1995, tok praktisk-teologisk eksamen same stad i 1996. Han blei ordinert i Brumunddal kyrkje i 1997.
Karriere
Han var høgskulelektor ved Høgskulen i Volda frå 1996, prosjektprest og leiar av Elverumsprosjektet «En hellig allmenn kirke» i åra 1998–2002, menighetsprest i Elverum frå 2001, kapellan 1 same stad frå 2005. Han var sokneprest i Elverum frå 2006 og prost i Sør-Østerdal prosti frå 2018. Bonden blei tilsett som biskop i Hamar bispedømme i november 2022 og vigsla i Hamar domkyrkje 29. januar 2023.
Ole Kristian Bonden var geistleg representant i Hamar bispedømmeråd og medlem av Kyrkjemøtet frå 2012 til 2019, medlem av Kyrkjerådet frå Hamar bispedømme i åra 2016-2020. Han har vore engasjert i liturgiarbeid og folkekyrkjeteologi, der han òg har publisert faglege bidrag.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.