Den vestlege halvdelen, sørvest for aksen Fotlandsvåg–Bruvik, består av Bergensfeltet sine samanpressa lag av både djupbergartar og sedimentære bergartar (gneis), opphavleg av grunnfjellsalder, men betydeleg forandra under den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå kaledonske orogenese).
Landskapet her er prega av langstrekte, parallelle rygger i strokretninga nordvest–søraust med dalsøkk og vikar imellom. Fjella i dette området er høgast mot Sørfjorden i sør (Brøknipa 822 meter over havet), der dei har svært bratte fall mot fjorden.
I nordaust består berggrunnen for det meste av gneis, også her av grunnfjellsalder og sterkt påverka i kaledonsk tid. Her er fjella meir avrunda og jamt over høgare enn i vest. Det høgaste fjellet i kommunen, Høgafjellet (868 meter over havet), ligg her, på grensa til Vaksdal.
I overgangen mellom dei to bergartskompleksa er det eit belte med ulike omdanna skiferar frå kambrosilur, særleg fyllitt og glimmerskifer. Dette området utgjer eit søkk med dei langstrekte vatna Austrevatnet og Vestrevatnet, som i dag er regulerte til eitt vatn (141–153 meter over havet) med eit trongt sund mellom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.