I forskinga si har Theil vore særleg oppteken av afrikanske språk, med vekt på vestafrikanske språk. Han har laga ei rettskriving for språket nizaa, som blir snakka i Kamerun, og som tidlegare ikkje har eksistert som skriftspråk. Så lenge Universitet i Oslo hadde tilbod i afrikanske språk, underviste Theil i fulfulde og hausa. Han har også arbeidd med eit tilsvarande prosjekt for taterspråk (romani), med utarbeiding av ei lærebok i norsk romani for skuleborn.
Theil studerte aldri noko afrikansk språk på noko universitet; han lærte seg desse språka gjennom langvarige sjølvstudium og feltarbeid. Nizaa arbeidde han med fordi det ikkje tidlegare var utvikla som skriftspråk. Eit språk snakka av namibiske flyktningar i Zambia, subiya, berre så vidt omtalt tidlegare, kom han over da han arbeidde for Namibia-foreininga i Elverum i Zambia på 1980-talet. Sjølv meiner han at alt han har gjort fagleg, er resultat av ei tidleg og langvarig interesse for språk. «Interesse» er truleg eit for svakt ord her; «kjærleik til språk» vil vere meir dekkjande.
Det lar seg ikkje gjere å snevre inn Theils språkvitskaplege virke til éin eller to eller tre disiplinar eller kategoriar. Han lar seg ikkje setje i bås. På den eine sida kan ein godt kalle han kognitivist, som han sjølv presenterer seg som, men på den andre sida har han publisert arbeid der merkelappen kognitivist ikkje høver særleg godt. Han har skrive om språkhistorie, om stadnamn, om segmental fonologi og om urnordiske lån i samisk, for berre å nemne noko. Ikkje berre spenner han fagleg vidt; han er også ein grunnlærd lingvist, som både er teoretisk svært sterk, samstundes som han aldri har slutta å gjere lingvistisk feltarbeid.
I eit intervju i forskingsmagasinet Apollon i 2014 argumenterer han for at det er forskjell på å lære seg eit språk som er etablert som skriftspråk og å skulle lære seg eit språk som manglar skrift, men at det er viktig for ein lingvist å kunne gjere begge delar. I tråd med eit slikt syn blir det òg viktig ikkje berre å kunne beskrive og forklare dei grammatiske strukturane i eit språk, men også å vere i stand til å kommunisere på det gjevne språket. Og det er gjennom kommunikasjon med morsmålsbrukarar av eit ikkje-skriftfesta språk at ein lingvist kan bidra til å beskrive det aktuelle språket strukturelt og på grunnlag av det skape ei rettskriving for det.
Theil har publisert forskingsarbeid som demonstrerer den vide faglege interessa hans: mange arbeid med kognitiv tilnærming til ulike språknivå, fonologi, prosodi, morfologi, samansettingar i norsk med meir. I tillegg har han publisert arbeid innan andre faglege disiplinar, som språkhistorie og onomastikk, i tillegg til sosiolingvistikk og språksosiologi, til dømes i arbeid om taterspråk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.