Stille Stunder er eit kristent blad som vart skipa i 1889. Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut (Norsk Barneblad er eldst).
Stille Stunder vart grunnlagt av Volda-presten Johannes Andreas Barstad, og han redigerte det i meir enn 40 år. Oppstarten var grunna særleg i omsynet til den landsmålsinteresserte ungdomen, som Barstad meinte tok skade på sjela ved å lese radikale skrifter på nynorsk.
I 1880-åra var det stor skepsis til målsaka i vide krinsar, men Stille Stunder braut ned motstanden hos mange kyrkje- og bedehusfolk. Barstad knytte til seg både teologar og leke kristenleiarar i bladarbeidet, og dermed lærte etter kvart også konservative truande at landsmålet ikkje trong vere «ugudeleg».
Frå 1908 til 1927 var Stille Stunder vekeblad. Både før og etter kom det lenge ut kvar 14. dag. Tingartalet har veksla gjennom tidene og nådde ein topp på 4000 i 1920-åra. Oslo kristelege landsungdomslag var utgivar frå 1936, og i perioden 1957—2012 var det Kyrkjenemndi i Bergen som gav ut bladet. Frå 2012 er bladet drive av Foreininga Stille Stunder.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.