Telen (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- TELEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Notodden
- Stifta
- 02.01.1980
- Dagleg leiar
- Jens Marius Hammer
- Styreleiar
- Øyvind Hagen

Digitalt
Telens artiklar kan lesast på alle dei digitale flatene. Ordninga med betalingsmur for andre enn abonnentar som vil lese avisa på nettet vart innført i 2014. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 11 148 i tredje kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
6. juni 1928 kom avisa Telen på Notodden ut med sitt første nummer. Telen var eigd og redigert av Ola Storeng – avismannen som tolv år tidlegare hadde forlate Notodden og avisa Teledølen, som han hadde etablert i 1905 og vore eigar og redaktør av fram til 1916. Utgivinga av Telen starta i leigde lokale, men i 1936 fekk avisa sitt eige hus og etter kvart også eit tilliggjande trykkjeribygg.
Krigsår
Under andre verdskrigen inntok dei to Notodden-avisene Telen og Teledølen ulike standpunkt. Begge avisene var i utgangspunktet kritiske til Nasjonal Samling og såg på NS som eit parti av forrædarar. Men medan Teledølen var skeptisk til Administrasjonsrådet og meinte at det handla på vegner av dei tyske okkupantane, omtalte Telen rådet som «et lyspunkt og en forenkling av situasjonen». Telen var dessutan kritisk innstilt til London-regjeringa, og avisa tok til orde for eit samarbeid med okkupasjonsmakta for å sikre velferda i landet. Ifølgje NS sin presseleiar for Telemark var Telen gått frå å vere negativ til NS til å bli positivt innstilt til krava som den nye tida sette. Teledølen blei på si side oppfatta som uvennleg. Medan Telen heldt fram å kome ut gjennom heile krigen, blei Teledølen stansa våren 1943.
Familieverksemd
Redaktør Ola Storeng hadde sju barn, og heile seks av dei valde Telen som sin daglege arbeidsplass. Sonen Erling blei tilsett i redaksjonen, og yrkeskarrieren hans i Telen strekte seg over heile 62 år. Han overtok som redaktør då faren døydde i 1943, og den posisjonen hadde han i 37 år. Han representerte også Høgre både i bystyret og i formannskapet på Notodden og i fylkestinget i Telemark. Dottera til Ola Storeng, Alfhild, var redaksjonssekretær og arbeidde i avisa heilt frå starten i 1928. Ørnulf Storeng var typograf, men òg skribent. Tore stod ved trykkpressa, medan Bergliot og Ingerid var tilsette i høvesvis ekspedisjonen og trykkjeriet.
Eigarskifte
Telen var eigd av Storeng-familien fram til 1980, då avisa blei kjøpt av Drammens Tidende og Buskeruds Blad. Etter at både denne avisa og dotterselskapet i 1994 blei overtekne av Orkla Media, blei eigarskapen til Telen overført til Varden i Skien, som også var eigd av Orkla Media. I 2006 selde industriselskapet Orkla medieselskapet sitt til britiske Mecom Group. Telen og dei andre norske avisene som følgde med i salet, blei deretter organiserte i selskapet Edda Media. Då Edda Media i 2012 blei kjøpt av A-pressa, kom Telen inn i Amedia-konsernet, som var det nye namnet på eigarselskapet.
Avisa var i mange år rekna som ei klår høgreavis. Dette endra seg i 1980, då familien selde seg ut av avisselskapet. Telen vart politisk uavhengig, men framleis står det i formålsparagrafen at avisa skal vere «bygget på et konservativt grunnsyn». Telen var lenge ei dagsavis som kom ut på papir alle seks kvardagar. I 2018 vart det ei omlegging, slik at papirutgåva berre kom tre dagar i veka.
Fakta
- Første nr. 6.6.1928.
- 1980: Slutt på Telen som familieeigd avis.
Opplag
Opplagstal for Telen, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 5530 |
1988 | 5775 |
1990 | 5889 |
1991 | 5726 |
1992 | 5849 |
1993 | 5918 |
1994 | 5937 |
1995 | 5904 |
1996 | 5835 |
1997 | 5820 |
1998 | 5881 |
1999 | 5839 |
2000 | 5848 |
2001 | 5854 |
2002 | 5574 |
2003 | 5635 |
2004 | 5489 |
2005 | 5401 |
2006 | 5280 |
2007 | 5142 |
2008 | 5089 |
2009 | 4976 |
2010 | 4928 |
2011 | 4826 |
2012 | 4705 |
2013 | 4599 |
2014 | 4414 |
2015 | 4277 |
2016 | 4175 |
2017 | 4126 |
2018 | 4356 |
2019 | 4323 |
2020 | 4431 |
2021 | 4370 |
2022 | 4300 |
2023 | 4239 |
År | Opplag |
---|---|
1950 | 3237 |
1960 | 3877 |
1970 | 4007 |
1983 | 5119 |
1993 | 5918 |
2008 | 5089 |
2015 | 4043 |
2020 | 4431 |
2021 | 4370 |
2022 | 4300 |
2023 | 4239 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.