Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Tinnsjå

Tinnsjø, Tinnsjøen

Etymologi

første leddet *Tinnr er truleg eit gammalt namn på innsjøen, mens andre leddet er norrønt sjár, 'sjø'

Region
Telemark
Kommune
Tinn, Notodden
Vassdrag

Skiensvassdraget

Viktigaste tilløp
Måne
Viktigaste utløp
Tinne
Areal
51 km2
Høgd over havet
189
Djupn
460
Volum
9700 mill. m3
Tinnsjå
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Tinnsjå er ein innsjø i Tinn og Notodden kommunar i Telemark fylke. Innsjøen har eit areal på 51,5 kvadratkilometer, er 35 kilometer lang og ligg 187–191 meter over havet. Reguleringshøgda er på fire meter i samband med kraftverk langs Tinnelva.

Tinnsjå har bratte sider. Med største djup på 460 meter er Tinnsjå den tredje djupaste innsjøen både i Noreg og i Europa. Med eit middeldjup på heile 190 meter har Tinnsjå eit volum på nær ti kubikkilometer (9700 millionar m3).

Viktigaste tilløpselv er Måne, som renn ut i sidearmen Vestfjorden ved det gamle ferjeleiet på Mæl. I nordenden på sjøen kjem elvene Gøyst og Mår ut ved Atrå og Austbygdåe i Tinn Austbygd.

Historie

Før 1991 gjekk jernbaneferjene Ammonia og Storegut over Tinnsjå mellom Tinnoset i sør og Mæl i nordvest.

Norsk Hydros ferje Hydro vart senka på Tinnsjå under ei sabotasjehandling i samband med tungtvassaksjonen 20. februar 1944.

Les meir i Store norske leksikon

Djubdekart over Tinnsjå

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg