Akkalasamisk er eit forsvunne eller nært forsvunne samisk språk som vart brukt på Kolahalvøya i Russland. Akkalasamane utgjer ei etnisk gruppe på kring 100 menneske som tidlegare budde ved sjøen Imandra på Kolahalvøya, nord for den russiske byen Kandalaksja (russisk Kandalakša Кандалакша, karelsk Kannanlakši) inst i Kandalaksjabukta i Kvitsjøen.
Den siste vi veit om som snakka akkalasamisk flytande, Marja Sergina Маря Сергина, døydde 29. desember 2003. Lingvistar som forskar på kolasamiske språk hevdar at det finst minst éin person som framleis snakkar språket – i ei viss grad, og eit fåtal som har passiv kunnskap. På UNESCOs raude liste over trua språk blir språka under den kolasamiske språkgruppa (akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk) klassifisert som svært alvorleg trua eller nesten forsvunne.
Saamlɨnč er det akkalasamiske ordet for ‘same’, og i fleirtal heiter det saamla ‘samar’. Dei kallar seg sjølve áhkk'el'saamla ‘akkalasamar’. Innsjøen Imandra kallar dei Eev'er (nordsamisk Avvir). Tradisjonelt budde akkalasamane i landsbyane Áhkk'el'sijjt (russisk Babino Бабино) og Čuk'suul (russisk Jokostrov Йокостров).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.