Uralske språk er ein språkfamilie som omfattar om lag 30 språk som stort sett blir snakka i Nord-Europa og Nordvest-Asia.
Dei to gruppene har utvikla seg frå eit felles grunnspråk, ur-uralsk (proto-uralsk), som truleg blei snakka av eit jeger- og fiskarfolk nær sørenden av Uralfjella for 7000–10 000 år sidan.
Uralske språk blir snakka av om lag 25 millionar menneske spreidde over eit stort område i Europa og det nordvestlege Asia, frå atlanterhavskysten i Skandinavia til det vestlege Sibir i Russland. Dei som snakkar uralske språk, bur med andre ord på begge sider av Uralfjella, som familien har namn etter.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.