Calvin heldt fast ved Bibelens autoritet som Guds ord, og dette gjeld også i kyrkjesamfunn innan den kalvinske retninga. Dette har ført til at Det gamle testamentet har ei anna og sterkare stilling blant kalvinistane enn blant lutheranarane. Mellom anna held kalvinistane fast på biletforbodet som det andre av dei ti boda (Andre Mosebok kapittel 20, vers 4–6). Eit reformert eller kalvinistisk kyrkjerom inneheld difor heller ikkje biletlege framstillingar av Gud. Ein lærer også at den gammaltestamentlege morallova framleis gjeld for dei kristne. Også samfunnslivet skal innrettast etter bibelske retningslinjer. Bibelen blir rekna som forpliktande norm for korleis kyrkja er organisert (kyrkjeforfatning). Måten Calvin organiserte den reformerte kyrkja i Genève på, blir også brukt som mønster.
I synet på nattverden var det usemje mellom Luther og Calvin om korleis ein skulle forstå Kristi nærvere. Luther hevda at Kristus reelt er til stades i og med brødet og vinen (realpresens), medan Calvin peika på at sidan Kristus etter oppstoda (oppstandelsen) er i himmelen, kan han berre vere til stades i nattverden åndeleg. Dette blei vidareført innanfor kalvinismen, som har hevda at Kristus berre er åndeleg nærverande i nattverdselementa. Dette betyr at nattverden for kalvinistane meir er ei symbolsk handling enn han er i lutherdommen.
Calvin understreka Guds ære og at den kristne gjennom gode gjerningar skulle bidra til å auke Guds ære. Det å vere lydig mot Guds vilje og lov representerer eit viktig grunnlag for kalvinismen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.