Europalerk, Larix decidua, dannar skogar i Alpane og Karpatane og går opp til 2500 meter over havet. Sibirlerk, Larix sibirica, dannar store skogar frå europeisk Russland til Sibirs skoggrense mot nord og aust.
I nordaustlege Asia finst mongollerk, Larix gmelinii. Czekanow-lerk, Larix × czekanowskii har ei liknande utbreiing. Larix mastersiana er ein sjeldsynt art som høyrer heime i Kina. I Himalaya veks sikkimlerk, Larix griffithii. Japanlerk, Larix kaempferi, dannar skogar i Japan.
Amerikalerk, Larix laricina, går til skoggrensa i Nord-Amerika. I Nord-Amerika veks også kjempelerk, Larix occidentalis og fjell-lerk, Larix lyallii.
I tillegg til dei naturleg førekommande artane har også den kunstige hybriden hybridlerk, Larix × eurolepis, vore ein del bruka i europeisk skogbruk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.