Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Monsun

Monsun. Prinsippet for monsunen i Asia er det same som for monsunvindar elles i verda. Temperaturen søkk raskare over land enn over hav. Om sommaren blir landet oppvarma i forhold til havet, og dei oppvarma, stigande luftmassane over land dannar lågtrykk som trekkjer inn fuktige pålandsvindar. Om vinteren blir landet nedkjølt i forhold til havet, og kalde, søkkande luftmassar over land dannar høgtrykk med tørr frålandsvind som resultat.

Av /KF-arkiv ※.

Monsunklima er ein variant av tropisk regnklima med regnfattig vinter. Monsunklima skil seg frå savanneklima ved at årsnedbøren er større og/eller tørketida er mindre markert, slik at det kan vekse tropisk regnskog. Ordet monsunklima blir også brukt meir generelt om klimaet både i tropiske og tempererte monsunstrok.

Faktaboks

Uttale
monsˈunklima

Døme på monsunklima kan hentast frå India, som har ei kjølig årstid dominert av nordaust-monsunen, ei varm årstid når denne stilnar av, og regntid når oppvarminga av landet har kome så langt at sørvest-monsunen trengjer inn. Forutan i større delar av Sør-Asia finst monsunklima i mindre område av Afrika, Australia og Sør-Amerika.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg