Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Fotosyntese

Rota festar planta til jorda. Den er òg viktig for opptaket til planta av vatn og næringsstoff.

Rot er ein del av planten, eit planteorgan. Nesten alle plantar har røter. Rota blir vanlegvis utvikla nede i jorda og deler seg gjerne i fleire røter. Store tre har tjukke røter som deler seg i mindre røter. Små plantar har tynnare røter. Gjennom røtene tek plantane opp vatn og næringsstoff dei treng. Røtene festar òg plantane til underlaget.

Ein del planter lagrar næring i røtene, som dei kan bruke når det er tørke. Nokre slike røter er etande og plantane blir dyrka som mat, til dømes gulrot og pastinakk.

Utvikling av røter

Når eit frø spirer, er rota det fyrste som dukkar opp. Denne blir kalla kimrota til planten og veks nedover i jorda. Det er berre den ytste delen av rota som veks. Tuppen av denne er dekt av ein rothette som vernar rota under veksten i jorda. Over tuppen går det føre seg raske celledelingar i det som blir kalla ei delingssone. Det meste av lengdeveksten til planterøtene skjer i strekningssona.

Vassopptak

Hos dei fleste planter blir det teke opp vatn frå jorda gjennom små, tynne rothår, som kontinuerleg blir danna som ei forlenging av celleveggane, i dei ytste delane av rota. Vassopptaket til planterøtene skjer for det meste ved hjelp av osmose. I rothårsona i røtene går ei differensiering føre seg av celler til ulike, spesialiserte funksjonar. Mellom anna blir celler danna til leidningsveva (vedvev og silvev), som kan frakte vatn frå røtene og til resten av planten, der vatnet trengst for å kunne utføre fotosyntese.

Rottypar og rotsystem

Overskåren hovudrot hos Armoracia rusticana, peparrot.
Peparrot har tjukk hovudrot.

Ekte røter blir i hovudsak danna på to måtar, som hovudrot eller knipperot.

Hovudrot med siderøter

Hos dei nakenfrøa plantene og hos dei fleste tofrøblada plantene veks kimrota ut til ei hovudrot som etter kvart dannar siderøter og saman utgjer rotsystemet til planta.

Knipperot

Grasrøter

Knipperøter hos gras som festar planta til jorda.

Grasrøter
Av /Shutterstock.

Hos einfrøblada planter døyr hovudrota tidleg og blir erstatta av mange omtrent jamntjukke røter som veks ut frå grunnen av stengelen. Denne typen rot blir kalla for knipperot.

Planter utan røter

Dei fleste karplanter har ekte røter, men somme planter, som til dømes den vasslevande planten blærerot og orkideen korallrot manglar røter. Blærerot tek opp vatn gjennom omgjevnadene, medan korallrot tek opp vatn gjennom ein koralliknande jordstengel. Mosar manglar ekte røter. Dei festar seg til underlaget med rhizoidar. Grønalgar består av ein eller få celler, bur ofte i vatn og dannar gjerne koloniar.

Utypiske røter

Anderøter

Pneumatofor

Somme sumpplanter utviklar såkalla pneumatoforer. Det er røter som stikk opp av jorda for å få tilgang til luft.

Pneumatofor
Av /Shutterstock.

Somme tropiske sumpplanter, som mangrovetre, har anderøter (pneumatoforer) som stikk opp av jorda.

Adventivrøter

Somme planter utviklar spesielle rottypar som blir danna frå andre organ enn røtene. Desse blir kalla adventivrøter og kan ha andre funksjonar enn vassopptak. Luftrøter, klatrerøter og støtterøter er alle adventivrøter.

Luftrøter

Somme tropiske planter som veks på andre tre, epifyttar, har luftrøter som heng fritt i lufta og tek opp vatn frå denne.

Klatrerøter

Hos bergflette og somme andre klatrande planter finst klatrerøter.

Støtterøter

Somme fikentre og palmar dannar støtterøter som går frå stammar og greinar og ned til jorda.

Opplagsnæring

Gulrøter

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Mange tofrøblada plantar lagrar opplagsnæring i røtene. Dette gjer planten meir motstandsdyktig mot ugunstige periodar, som til dømes tørke.

Rotvekstar

Somme planter som gulrot og løvetann, lagrar opplagsnæring i hovudrota, medan andre artar, som søtpotet og vårkål lagrar opplagsnæringa i eigne oppsvulma røter som blir kalla rotknollar. Fleire av artane som lagrar opplagsnæring i røtene blir dyrka som rotvekstar.

Samarbeid

Gjennom røtene samarbeider mange plantar med sopp og bakteriar.

Sopprot

Mykorrhiza (teikning)

Symbiose mellom skivesopp og bartre, ektotrof mykorrhiza.

  1. Sukker frå fotosyntesen i blada blir førte ned mot rotsystemet.
  2. Utsnitt frå eit fintforgreina rotparti der sopphyfar dannar mykorrhiza.

Frå mykorrhiza-området får treet tilført vatn, fosfor og andre stoff, og soppane blir tilført blant anna sukker, som blir transportert vidare opp gjennom stilken til hatten.

Av /Store norske leksikon ※.

Nesten alle planter dannar sopprot. Sopprot er ikkje ein del av planterota, det er eit samarbeid mellom plante og sopp. Planterøtene er ofte for tjukke til å ta opp vatn og næring effektivt. Gjennom sopprot hjelper dei tynne sopptrådane planterøtene å trekkje opp vatn og næring frå jorda. Soppen får sukker i byte frå plantane. Soppen har ikkje fotosyntese og kan ikkje lage sukkeret sjølv.

Nitrogenfikserande bakteriar

Somme planter, til dømes mange artar i erteblomstfamilien og or, dannar knollar med nitrogenfikserande bakteriar på røtene.

Cellevev

Tverrsnitt av rot hos Smilax sp., sarsaparillaart.

Bygninga til cellevevet i ei planterot. I sentralsylinderen ligg leidningsvevet. I rota er leidningsvevet oppsplitta i skilde og vekslande vedstrenger og silstrenger. Rundt leidningsvevet ligg pericykelen, som er eit tynnvegga, levande cellevev der det blir danna siderøter og kork som vernar eldre røter. Det mørke bandet på biletet er endodermis. Rotborken består av parenkym. Her blir det lagra organiske stoff (mest stivelse), ofte i store mengder.

Rotanatomi
Rottuppen sine ulike soner

I eit tverrsnitt av ei rot kan fordelinga av ulike cellevev studerast gjennom eit mikroskop. I det sentrale partiet, sentralsylinderen, ligg leidningsvevet. I rota er leidningsvevet oppsplitta i skilde og vekslande vedstrenger og silstrenger.

Rundt leidningsvevet ligg pericykelen, som er eit tynnvegga, levande cellevev. Frå dette laget blir det danna siderøter og kork som vernar eldre røter.

Mellom sentralsylinderen og rotborken (primærbork) ligg eit éincella vev, endodermis, med karakteristisk bygning og funksjon.

Rotborken består av parenkym. Her blir det lagra organiske stoff (mest stivelse), ofte i store mengder. Unge røter er omgjevne ytst av epidermis (overhud). I eldre røter er epidermis, rotbork og endodermis falle bort, slik at pericykelen med korklaget ligg ytst. I røter med sekundær tjukkleiksvekst blir det danna eit kambium mellom vedstrengene og silstrengene. Tjukkleiksveksten går då føre seg på same måte som i stenglar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg