Soleieslekta er ei planteslekt i soleiefamilien beståande av urter. Slekta inneheld omlag 600 artar, som finnes over heile kloda. I Noreg er fleire artar representert. Av desse finn me vidt utbreidde artar som engsoleie og krypsoleie og artar som er lista som nær trua på Artsdatabanken si raudliste, som issoleie og snøsoleie. Arten kjempesoleie er lista som sterkt trua i raudlista.
Faktaboks
- Også kjend som
- ranunkel
- Vitskapeleg namn
- Ranunculus
- Beskriven av
- Carl von Linné
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.