Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Riksvegen i sikte – utsikt frå De verdalske befestningers Søndre galleri mot den einaste retninga eventuelle svenske angrepsstroppar kunne komme frå. Biletet viser på ein utmerkt måte kva ei godt plassert sperrefestning kunne meistre.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Kart Meløyvær fort
Døme på nyare sperrefort: Kartet viser farvatna som Meløyvær fort nord for Harstad meistra. Fortet sto ferdig i 1989 og er eit godt døme på siste generasjon av faste kystartillerifort som hadde som oppgåve å sperre bestemde sjøinvasjonsområder, i dette tilfellet innseglinga mot Indre Troms og Harstad og viktig infrastruktur elles. Kartet viser også at det ved ferdigstillinga erstatta tre tidlegare kystfort som til saman hadde hatt same oppgåve i same område.
Kart Meløyvær fort
Av .

Sperrefestningar er forsvarsverk som har til oppgåve å stoppe eller forseinke eit militært angrep gjennom ein bestemd passasje, til dømes ein dal eller ein fjord. Dei vart lagte til der angriparen måtte passere på veg mot eit viktigare mål, som hovudstaden eller andre strategisk viktige område. I norsk samanheng er sperrefestningar ofte mindre anlegg som var sterkt væpna, eventuelt også vanskeleg tilgjengelege. Nokre sperrefestningar kunne fungere meir eller mindre sjølvstendig, andre utgjorde eit enkeltelement i eit større forsvarssystem.

Faktaboks

Også kjend som

sperrefort og sperreforskansing. I Noreg blir omgrepa festning og fort i mange samanhengar nytta synonymt, det same gjeld derfor også sperrefort og sperrefestning.

I regelen skil sperrefestningar seg frå større militære anlegg som (område)festningar, militærleirar, garnisonar og så vidare ved at dei ofte, som nemnt, er små. Dette gjer at dei gjerne hadde avgrensa ressursar utover dei kapasitetane som anlegget til ein kvar tid måtte vere utstyrt med. Av same grunn kunne dei vere sårbare ved langvarig strid. Denne svakheita vart i nokre tilfelle freista redusert ved å ha forsyningsbasar i bakkant.

God topografi for slike anlegg i Noreg

Noregs topografi gir mange stader gode naturgjevne forhold for etablering av denne typen anlegg. Ved relativt enkle midlar kunne ein supplere sjølve terrenget med installasjonar slik at til dømes eit viktig dalføre nærast vart umogleg å forsere for den angripande parten utan å lide (for) store tap. Eit godt døme er De verdalske befestninger i Stjørdal, som effektivt sperrar ein av svært få aktuelle invasjonsruter til Trøndelag frå aust.

Same prinsipp gjeld til sjøs, der innanskjers holmar og nes kunne styrkjast og sperre ein viktig fjord, slik som fortet på Ramnesodden vest for Narvik gjorde med Ofotfjorden.

Døme på sperrefestningar

Tidlege anlegg

Ein del eldre historiske forsvarsanlegg, eksempelvis Basmo festning ved Ørje frå 1600-talet og Gjellebekk skansar i Lier frå 1700-talet, kan vurderast som sperrefestningar. Likevel er det først og fremst dei meir fortifikatorisk bygde anlegga med kraftig skyts som vert omfatta av omgrepet, det vil seie etablissement frå tida omkring unionsoppløysinga og framover. Typisk er mange av enkeltanlegga i Glommalinja sperreanlegg sett i system. Det finst også ein del kystfort som passar i omgrepet.

Kystfestningar

Også nærare vår tid – ikkje minst under den kalde krigen – er det bygd sperrefort, spesielt innan Kystartilleriet. Etter ei stor oppgradering av dei norske kystforta frå slutten av 1980-talet, stod eit drygt dusin hypermoderne sperrefort/-festningar av ulik type ferdig frå Hordaland i sør til Troms i nord. Av desse kan ein til dømes nemne kanonbatteriet Meløyvær fort ved Harstad (nybygd, ferdig 1989) og Herdla torpedobatteri ved Bergen (utbygd og modernisert, ferdig 1995).

Landanlegg

På omtrent same tid vart det også bygd sperreanlegg mot landvegs invasjon enkelte stader. Systemet av stillingane i Troms, som etter kvart er kjent som Frøylinja, og som rett nok vart påbyrja tidlegare, er blant desse. Det er også det mindre, og mindre kjende, komplekset Njordlinja i Vestfold. Sistnemnde bestod av topp moderne stillingar i Sande og Eidsfoss som saman beherska det såkalla Hillestad-defileet. Formålet var å hindre ein fiende landsett i søre Vestfold å rykkje fram mot Oslo. Njordanlegga var operative frå omkring 1985. Eit liknande konsept var planlagt i Østfold. Dette hadde dekknavnet Brage, men kom truleg aldri til utføring.

Supplerande anlegg

I kombinasjon med dei bemanna sperrefestningane/-forta fanst moglegheit for supplerande tiltak for å hindre eller iallfall sterkt forseinke framrykkinga til angriparen. Blant dei hyppigast førekommande var planar om å øydeleggje eigne kommunikasjonar som til dømes veger, bruer med vidare. Dette blir kalla kommød-stillinger og var oftast førebudde sprengkammer av ulikt slag. Slike finst i eit stort antal landet over og ikkje berre ved faste sperrefestningar. I samband med Njordlinja var det til dømes førebudd for å kunne sprengje dåverande E 18 i lufta nord for Holmestrand. Dette ville tvinge dei av styrkane til fienden som ikkje var blåsne på fjorden til å dra mot nettopp anlegga i Hillestad-defileet og forhåpentleg bli resolutt stoppa av norske styrkar der. Tilsvarande var det ei rekkje kommød-stillinger på E 6/E 8 langs dei bratte partia ved Storfjorden i Troms. Desse stod i taktisk samband med Frøylinjas anlegg i Skibotn-området.

Etter 1995 er det bygd få, om nokre, sperrefestningar i Noreg.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg