Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Svein Gjelseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Gjelseth

Fødd2. februar 1950 (74 år)
Herøy kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (2009–2013)
  • ordførar i Herøy i Møre og Romsdal (1989–1995)
  • ordførar i Herøy i Møre og Romsdal (1999–2003)
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2005–2007) Sjå dette på Wikidata

Svein Asbjørn Gjelseth (fødd 2. februar 1950) er ein norsk politikar frå Ap. Han blei vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal ved stortingsvalet 2009 og er medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.

Svein Gjelseth var første vararepresentant frå 2005 til 2009 og møtte fast for Karita Bekkemellem i hennar statsrådtid (oktober 2005 – oktober 2007). Han var då medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.

Svein Gjelseth var varaordførar i Herøy 1987–1989, og ordførar 1989–1995 og 1999–2003.

Svein Gjelseth har utdanning som ingeniør/adjunkt, og fagbrev som mekanikar frå 1983. Han har vore fiskar og maskinassistent på fiskebåtar 1967–1970, mekanikar, konstruktør, driftsingeniør ved Smedvik Mek. Verksted 1974–1979, driftsingeniør ved Ulsteingruppen 1979–1983, lærer og hovudlærar ved Herøy vidaregåande skule 1983–1989, konsulent ved Vekst Næringsutvikling AS 1996–1999, og dagleg leiar ved Herøy Næringsforum 2004–2005.

Han har vore leiar i styret for Tussa Kraft AS sidan 2003.