Trond Helleland (fødd 10. juli1962 i Kvam, Hordaland) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Buskerud fylke sidan 1997, etter å ha vore vararepresentant sidan 1989. Helleland er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo, og har arbeidd som konsulent i Buskerud fylkeskommune. Han var medlem av Drammen bystyre frå 1995 til 1999, og av Buskerud fylkesting frå 1987 til 1995, dei fire siste åra også i fylkesutvalet.
Han var formann i Unge Høgre 1986–1988, leiar av Buskerud Høgre 1990–1998, og i kraft av dette, medlem av Høgres sentralstyre i periodane 1986–1988 og 1990-1998. Han har vore medlem av Kringkastingsrådet og ei rekkje andre offentlege utval.