Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Sonja Irene Sjøli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonja Irene Sjøli

Sonja Irene Sjøli i 2009
Foto: Kjetil Ree
Fødd6. juni 1949 (75 år)
Hamar kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jordmor
Utdanna vedHedmark sykepleierhøgskole
Alle verv

Sonja Irene Sjøli (fødd 6. juni 1949 på Hamar i Hedmark) er ei norsk jordmor og Høgre-politikar. Ho blei vald inn på Stortinget for Akershus fylke i 1997 og var 2. vararepresentant i perioden 1993–2007.

Frå 1979 til 1987 var Sjøli kommunestyremedlem i Eidsvoll, og på nytt frå 1999 til 2001, dei første åtte åra også som formannskapsmedlem. Ho var leiar i Akershus Høgre 1994–2003, medlem av Høgres sentralstyre i same periode, og var leiar av det kvinnepolitiske utvalet til Høgre 1998–2000.

Sjøli er utdanna sjukepleiar frå Hedmark sjukepleiarhøgskole (1971) og jordmor frå Statens Jordmorhøgskole (1976). Ho har også studert kunsthistorie og sosiologi, og har arbeidd ved sjukehuset i Stensby, i Eidsvoll kommune og ved universitetssjukehuset i Akershus. Ho var redaktør av Tidsskrift for jordmødre 1987–1989, og var vald til leiar av Den norske Jordmorforening 1989–1993, visepresident i International Confederation of Midwives 1990–1993, i tillegg som arbeidande president i sistnemnde 1993–1997. Rådsleiar for Kvinneuniversitetet i Løten 2001–2002.

Ho mottok Paul Harris Fellow-medaljen frå Rotary i 1998, og vart æresmedlem i Den norske Jordmorforening i 1999. Ho har laga undervisningsfilm, og delteke i ei rekkje offentlege utval.

Stortingets presidentskap

[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]