Ålegrasenger dannar tredimensjonale levestadar som er svært viktige for mange andre organismar. Ei mengde små ryggradslause dyr lever på og blant blada, og sidan ålegras veks på blautbotn, finst det også mange gravande dyr i dette samfunnet. I tillegg finst det eit stort tal makroalgar som veks på blada, og nokre av desse veks berre på ålegras, som til dømes brunalgen ålegrastrevl (Cladosiphon zosterae).
Det er få dyr som beitar direkte på ålegras. Av og til er det likevel observert at små sneglar eller tanglus kan beita ned ålegrasbiomasse midlertidig. Eit unntak er imidlertid ringgås, som i enkelte periodar av året ser ut til å vera avhengig av ålegras som mat.
Fastsitjande dyr og makroalgar brukar ålegras som substrat, medan symjande ryggradslause dyr og småfisk finn mat i ålegrasengar, eller brukar ålegraset som skjulestad. Ålegrasengar kan også vera oppvekstområde for til dømes torskeyngel. På toppen av næringsnettet i ålegrasengar finn ein større fisk, som til dømes torsk og kviting.
Ålegras kan ha ein høg produksjon av biomasse gjennom sumarhalvåret, og i ein studie frå Danmark vart den samla blad- og rotproduksjonen i ei ålegraseng målt til ca 1 kg tørrvekt pr m² gjennom ein vekstsesong. Bladproduksjonen blir brote ned att om hausten og vinteren og bidreg dermed til mat for mange filtrerande og partikkeletande dyr, men sidan ein stor del av den årlege produksjonen er rotvekst, vil ålegrasengar også kunna binda mykje karbon.
Ålegras har tradisjonelt vore brukt som ei nytteplante mange stader, som isolasjonsmateriale i hus og som «stopp» i madrassar og møbler. Det vart sett på som eit bra fôr for husdyr nokre stader, og ålegras som hadde drive i land, kunne brukast som jordforbetrande materiale.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.