I eit historisk perspektiv har landbruk basert på sauehald, saman med ullvareproduksjon og kraftindustri, vore dei viktigaste levevegane i Gjesdal. Tettstadene Ålgård og Oltedal voks opp kring desse næringane. I Gjesdal blir det framleis drive eit høgt utvikla husdyrhald med særleg vekt på saue- og storfe, og i alt fire prosent av arbeidsplassane i kommunen er i primærnæringane. I tillegg til beiteområda i heiene innover mot fylkesgrensa til Agder nyttar sauene i Gjesdal i stor utstrekking òg sommarbeite i Sirdals- og Setesdalsheiene. Staten har saueavlsgard på Bjelland aust for Ålgård.
Rundt 15 prosent av arbeidsplassane i Gjesdal er i industri, 24 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2019). Industrien blir dominert av trelast- og trevareindustri som i 2019 hadde 37 prosent av dei sysselsette i industri, mellom anna Gilje Tre i Dirdalen med produksjon av vindauge. Andre viktige bransjar er (delen av sysselsetjinga i industrien 2019): næringsmiddelindustri (20 prosent), trykking/grafisk industri (14 prosent), gummi-, plast og mineralsk industri (12 prosent) og verkstadsindustri (12 prosent). Medan ullvareproduksjonen i kommunen er historie, er vasskraftproduksjon stadig ei viktig næring. Mange arbeidsplassar er òg knytte til helse og utdanning.
Gjesdal er kommunen med fjerde størst vasskraftproduksjon i Rogaland, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 13 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 184 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Maudal (i drift fra 1930), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Oltedal (1909) og Oltesvik (1935). Lyse Kraft er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen.
I 2019 hadde 63 prosent av Gjesdals busette yrkestakarar arbeid utanfor kommunen, der 57 prosent arbeider i resten av kommunane på Jæren, 16 prosent i Stavanger og 23 prosent i nabokommunen Sandnes.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.