Forholdet mellom Nasjonalistpartiet/Guomindang og kommunistane endra seg fundamentalt frå dei tidlege åra til Republikken Kina og fram til etableringa av Folkerepublikken Kina i 1949. Sun Yat-sen oppretta tidleg kontakt med Sovjet-regjeringa i Moskva. Dette blei vel teke imot, og som ein gest for å markere velviljen sin erklærte Sovjetunionen i 1923 at dei gav opp eigedommane og dei spesielle rettane til det tidlegare russiske tsar-regimet i Kina. Sun Yat-sen meinte at kommunisme og det sovjetiske systemet ikkje kunne innførast i Kina ettersom kinesiske forhold ikkje låg til rette for dette, og nasjonal eining og fullt sjølvstende var det viktigaste. Diplomatane i Sovjetunionen hadde forståing for dette, og dei lova Kina støtte i denne kampen.
Sun var ikkje marxist, men han var interessert i korleis Sovjetunionen hadde bygd opp ein slagkraftig hær og eit solid partiapparat. Han sende derfor mellom anna Chiang Kai-shek til Moskva i 1923 for å lære av dei russiske erfaringane. Under dette opphaldet blei Chiang overtydd om at den sovjetiske kommunismen ikkje passa for kinesiske forhold, og at dei sovjetiske leiarane ikkje forstod ideologien eller utfordringane Guomindang hadde. Han blei òg klar over maktkampane i det sovjetiske kommunistpartiet. Dette bidrog til at Chiang etter kvart blei ein innbiten motstandar av kommunisme.
Sun Yat-sen insisterte likevel på at ein essensiell del av Guomindangs ideologi var nasjonal eining gjennom samarbeid med alle grupper i samfunnet, også kommunistane, og var overtydd om at samarbeidet med Sovjetunionen var rett. Den første einingsfronten mellom Guomindang og det kinesiske kommunistpartiet blei danna i 1924. Samarbeidet gjorde at medlemmer av kommunistparti kunne inngå som individuelle medlemmer i Guomindang på same tid. Dette var ein av føresetnadene for at Kina kunne få militær hjelp frå Sovjetunionen.
Etter at Sun døydde i 1925, auka spenningane mellom høgresida i Guomindang og kommunistane. Dette førte til at Chiang fjerna alle kommunistar frå leiande stillingar i 1926, og året etter starta han utreinsking av kommunistar i landområde under Guomindangs kontroll. Etter kvart auka motsetnadene også mellom venstresida i Guomindang og kommunistane, og den første einingsfronten blei oppløyst i 1927.
Kommunistane hadde allereie i 1935 ønskt ein felles front mot japanarane. Men Chiang Kai-shek var uimottakeleg for dette, heilt til han under eit opphald i Xian blei teken til fange av den tidlegare støttespelaren hans, Zhang Xueliang, som då var fordriven frå Mandsjuria. Chiang blei overtalt til å stille seg i spissen for ein nasjonal motstand mot japanarane. Dette førte til at den andre einingsfronten blei etablert i 1937 – denne gongen beståande av to uavhengige og likestilte parti. Denne fronten eksisterte formelt fram til slutten av andre verdskrigen i 1945, då forhandlingar mellom dei to partia braut saman, med borgarkrig som resultat.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.