Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Kleist Gedde
Julius Fredrik Kleist Gedde (fødd Julius Fredrik Kleist Dahl)
Uttale

je-

Fødd
28. mars 1852, Stavanger
Død
1. februar 1928, Stor-Elvdal
Verke
Fabrikkeigar, organisasjonspolitikar og bonde
Familie

Foreldre: Kjøpmann, seinare tollbetjent Johan Henrik Dahl (1818–1891) og Louise Christiane Henriette Gedde (1817–1892).

Ugift.

Bror til Jonas Anton Dahl (1849–1919); farbror til Tobias Gedde-Dahl (1903–1994).

Kleist Gedde var ein norsk jordbrukar, fabrikkeigar og politikar. Han arbeidde for utbygging av organisasjonane i landbruket og for betre tollvern av jordbruksnæringa. Gedde gjekk òg inn for økonomisk utvikling av dei nordlege landsdelane.

Bakgrunn

Gedde var fødd i Stavanger, der faren var handelsmann. Han voks opp hos onkelen, Vilhelm J. K. Gedde, som var prest i Romedal. Etter oppveksten på prestegarden valde han å ta landbruksutdanning, og i 1872 vart han uteksaminert frå Den høiere Landbruksskole på Ås. Som nyutdanna agronom slo Gedde seg først opp som fabrikant og bedriftseigar. Saman med apotekar A. A. Koren bygde han opp fabrikken Koren & Gedde, som hovudsakleg produserte mineralvatn. Samstundes kom han til å engasjere seg i arbeidet til Fællesforeningen for Haandverk og Industri, i Polyteknisk Forening, og i Den statsøkonomiske Forening.

Organisasjonsarbeid

Interessa for landbruk og landbrukspolitikk førte han også inn i organisasjonsarbeidet til bøndene, og han var ein av dei sentrale personane i Norsk Landmandsforbund etter skipinga av organisasjonen i 1896: nestformann i 1901–1903, formann i 1906–1909, styremedlem fram til 1917, og elles medlem i fleire utval. I 1909 overtok han det konkurstruga lagsorganet Landmandsposten som eigar, og dreiv avisa med Thorvald Aadahl som redaktør til 1912, då han selde den tilbake til forbundet. Seinare hadde han ei fast spalte i bladet, kalla «Brænna-brev».

Landbruk og industri

Gedde stod på denne måten med eitt bein i landbruket og eitt i industrinæringa. Målet han sette seg, var å føre begge næringane inn i eit økonomisk-politisk samarbeid. På hans initiativ sette Polyteknisk Forening i 1903 ned Nationaløkonomisk Gruppe som, med Gedde som mangeårig formann, arbeidde for dette målet. Gruppa oppnemnde mellom anna Næringsdrivendes Tollkomité med representantar frå Fællesforeningen og Landmandsforbundet. Denne komiteen utarbeidde framlegg som vart grunnlag for tollova av 1905.

Politikk

Kongstanken til Gedde var likevel å få til eit næringsparti som kunne få inn «praktiske» menn på Stortinget. Idégrunnlaget var i slekt med det i Samlingspartiet, ei moderat-konservativ samling rundt Høgre og utbrytargrupper frå Venstre. Geddes utgangspunkt var næringsorganisasjonane. Freistnaden kulminerte før valet i 1906, då han fekk sentrale personar i Landmandsforbundet med på ein plan om å gjere denne organisasjonen til plattform for eit næringsparti. Planen støytte på motstand frå Venstre og måtte modererast vesentleg. Den partipolitiske utviklinga i åra utetter fjerna også grunnlaget for den borgarlege samlingstanken. Fram mot den første verdskrigen utvikla det seg samstundes større og større motsetningar mellom Landmandsforbundet og industriinteressene – mellom anna om tollspørsmålet. Alt i alt smuldra grunnlaget for Geddes organisasjons- og næringspolitiske program bort.

Anna engasjement

Gedde hadde fleire offentlege verv. Han var til dømes medlem i den departementale hærordningskomiteen i 1906–1909 og tolltariffkommisjonen i 1915–1923, og han var ein av stiftarane av og mangeårig styremedlem i Det norske Myrselskap. Han la også ned eit stort arbeid for å fremje nydyrking og bureising, mellom anna som ei drivande kraft bak opparbeidinga av eit større nydyrkingsfelt i Nord-Trøndelag. Gedde vart æresmedlem i Landmandsforbundet i 1918.

I 1912 kjøpte han garden Brænna i Stor-Elvdal og realiserte dermed ein draum han hadde hatt sidan oppveksten. Garden, som var på 280 dekar innmark og 1700 dekar skog, dreiv han fram til han døydde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • W. Dietrichson: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 4, 1929
  • Den statsøkonomiske forening 1883–1933, 1933
  • E. Hovland, E. Lange og S. Rysstad (red.): Det som svarte seg best. Studier i økonomisk historie og politikk, 1990
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling 1896–1945, bd. 1 i Hundre år for bygd og bonde 1896–1996, 1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg