Olaug Bollestad er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF), som var partileiar frå 2021 til 2024. Ho har vore stortingsrepresentant frå Rogaland sidan 2013. Bollestad er tidlegare ordførar i Gjesdal kommune og var landbruks- og matminister i regjeringa Solberg i frå 2019 til 2021.
Olaug Bollestad
Faktaboks
Olaug Vervik Bollestad
- Fødd
- 4. november 1961, Strand, Rogaland
Bakgrunn
Olaug Vervik Bollestad er fødd i Strand i Rogaland. Ho var elev ved Strand gymnas i 1977–1980 og gjekk på bibelskule i Oslo i 1981–1982. Ho tok sjukepleiarutdanning ved Røde Kors sykepleierskole i Stavanger i 1984–1987, administrativ leiing og økonomi ved NKI i 1992–1994 og vidareutdanning som intensivsjukepleiar ved Universitetet i Stavanger i 1997–1999. Bollestad arbeidde som ungdomsarbeidar i Ryfylke og Jæren Indremisjon i 1980–1984, og ho var tilsett ved Stavanger universitetssjukehus i 1987–2007 og i Ryfylke og Jæren Indremisjon i 1995–1997.
Politisk karriere
Bollestad hadde ikkje vore medlem i KrF lenge før ho blei vald inn som kommunestyrerepresentant i Gjesdal i 2003–2015. I perioden 2007–2013 var ho ordførar i kommunen og medlem av Rogaland fylkesting. Ho var leiar av Gjesdal KrF i 2004–2006 og frå 2008 til 2014 var ho medlem av landsstyret i partiet. Ho er medlem av sentralstyret frå 2015. Bollestad var andre nestleiar i Kristeleg Folkeparti i 2015–2017 og første nestleiar frå 2017. Ho var konstituert partileiar frå januar 2019 fram til det ordinære landsmøtet i april 2019, og igjen i september–november 2021.
Bollestad var varamedlem til Stortinget for KrF frå Rogaland i 2009–2013 og er vald inn som stortingsrepresentant sidan 2013. Ho er medlem av helse- og omsorgskomiteen sidan 2013 og var leiar av komiteen i 2017–2019. I 2019 blei ho utnemnd til landbruks- og matminister i Erna Solberg si utvida regjering. Ei kort periode i 2019 og i september til oktober 2021 var ho også barne- og familieminister. Bollestad vart sittande som landsbruks- og matminister då Framstegspartiet gjekk ut av Solberg-regjeringa i 2020, og fram til regjeringsskiftet etter stortingsvalet i 2021.
Då KrF skulle bestemme seg for politisk vegval hausten 2018, var Bollestad motstandar av dåverande partileiar Knut Arild Hareide sitt ønske om å innleie forhandlingar med Arbeidarpartiet. Bollestad fekk kritikk frå andre i partiet for rolla ho spela då Rogaland KrF, i motsetnad til andre fylkeslag, vedtok ikkje å ta omsyn til mindretalet ved delegatvalet til KrF sitt landsmøte om venstre- eller høgreretta politisk retning.
På landsmøtet vedtok eit knapt fleirtal, med nestleiarane Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad i spissen, å innleie forhandlingar med regjeringspartia i regjeringa Solberg. Då regjeringsplattforma var ferdigforhandla, trakk partileiar Hareide seg, og Bollestad overtok som konstituert partileiar og blei statsråd i den utvida regjeringa Solberg frå januar 2019. KrF gjekk dermed inn i regjeringa til Venstre, Høgre og Framstegspartiet i januar 2019. Då Ropstad måtte gå av hausten 2021, vart Bollestad igjen fungerande partileder fram til ekstraordinært landsmøte i november 2021. Der vart ho vald til leiar. Ho trekte seg som partileiar etter ein intern partistrid i 2024.
Andre verv
Bollestad har hatt ei lang rekkje offentlege verv i Gjesdal kommune og Rogaland fylkeskommune, mellom anna var ho medlem av styret for Jærmuseet, Jæren Kompetansesenter og leiar i styret for Gjesdal Næringspark AS i 2007–2011. Ho var òg medlem av Landstinget for Kommunenes Sentralforbund (KS) i 2011–2013.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.