Peace People var ei fredsrørsle i Nord-Irland, skipa i 1976. Den vart fyrst starta som Women for Peace, og nytta seinare namnet Community of Peace People eller berre Peace People. Føremålet var å samla vanlege menneske til protest mot valdshandlingar og krig mellom militante grupperingar på nasjonalistisk og unionistisk side og statsmaktene under the Troubles.
Peace People

Grunnleggjing
Organiseringa sprang ut av ei tragisk valdshending der ein IRA-mann på flukt vart skoten i hel av britiske soldatar i Vest-Belfast 10. august 1976. Bilen han køyrde, mista då styringa og køyrde på tre tilfeldig forbipasserande ungar som alle døydde.
Ein av grunnleggjarane, Betty Williams, køyrde forbi då dette hende. Ei underskriftskampanje vart straks sett i gang og 200 kvinner gjennomførde ein fredsmarsj i Belfast. Den andre grunnleggjaren Mairead Maguire budde like ved marsjruta, slutta seg til marsjen, og saman vart Williams og Maguire frontfigurane for denne fredsrørsla. Den tredje leiande figuren, Ciaran McKeown, vart mindre kjend utanfor Irland. Eit drygt halvår etter den tragiske hendinga samla Peace People fyrst 10000 menneske frå både unionistiske og nasjonalistiske delar av Belfast til protest. Kort tid etter dette kom den største massemobiliseringa, då ein stad mellom 20 000 og 35 000 (ulike oppgjevne tal) deltok i protesten.
Nobels fredspris
Betty Williams og Mairead Maguire fekk tildelt Nobels fredspris for 1976 for innsatsen med Peace People. Dei delte prispengane, men Williams ville bruka sine prispengar på fredsarbeid utanfor Irland. Dette fekk ho kritikk for, og dei to skilde lag etter kort tid. Peace People fekk også kritikk, særleg frå republikanske krinsar i og rundt Sinn Féin, som hevda at dei i realiteten var meir kritiske til miltante republikanarar enn til paramilitære unionsvenlege og til den britiske hæren og andre delar av statsmaktene. Dei to fredsprisvinnarane fekk også tildelt ein folkets fredspris etter innsamling i Noreg.
Oppløysingstendensar – men arbeidet heldt fram

Peace People greidde ikkje å mobilisera politisk og organisatorisk over tid, og organisasjonen fall relativt raskt saman etter den massive medieomtala i samband med fredsprisen. Organisasjonen arbeider framleis i dag, men har ikkje lengre den massemobiliserande krafta som i 1976–1977.
Arbeidet har heile tida vore retta inn mot å koma over gamle skilje og konfliktar i Nord-Irland, men gjennom tiåra har organisasjonen også engasjert seg i dialog og protestar andre stader, for eksempel Israel, Palestina, Irak og USA. I seinare tid har Peace People engasjert seg som kritikarar av at Belfastparlamentet var ute av funksjon i ein toårsperiode fram til 2024, for at grunnleggjaren av WikiLeaks (Julian Assange) må sleppast fri, for ei atomvåpenfri verd, og som kritikarar av Israelsk krigføring i sine nærområde – som dei hevdar er eit forsøk på folkemord. Mairead Maguire er framleis ein sentral talsperson for Peace People.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- McKeown, Ciaran (1985); The passion of peace. Belfast, Blackstaff Press
- Maguire, Mairead Corrigan (1999); The vision of peace. New York, Orbis Books.
- Smithey, Lee A. (2017); The Peace People. Principled and revolutionary non-violence in Northern Ireland. I Bosi, Lorenzo & Fazio, Gianluca (red): The Troubles in Northern Ireland and theories of social movements. Amsterdam, Amsterdam University Press.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.