Det blir drive jordbruk med hovudvekt på storfe- og sauehald, særleg i nedre del av dalane og rundt Isfjorden og Rødvenfjorden. Sauehaldet i kommunen er størst i Møre og Romsdal fylke. Kommunen har atskilleg produktiv skog, og skogavverknaden i 2017 var 23 190 kubikkmeter, for det aller meste gran. I alt er seks prosent av arbeidsplassane i Rauma i primærnæringane (2016).
Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel/overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa i Rauma med 18 prosent av arbeidsplassane (2016). Dette speglar betydninga til turisttrafikken for kommunen.
Til samanlikning sysselsette industrien dette året 14 prosent av arbeidsplassane i Rauma, 26 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Viktigaste industribransjar er møbel-/annan industri og gummi-/plast- og mineralsk industri med høvesvis 35 og 30 prosent av dei sysselsette i industri (2015). Dernest følgjer verkstadsindustrien med 22 prosent. Tekstil- og kledningsindustri, som tradisjonelt har vore ein betydeleg industribransje i kommunen, utgjorde ni prosent av dei industritilsette (2015). Dette er likevel – etter Tingvoll og Eide – høgaste del i denne bransjen i fylket.
Rauma er kommunen med fjerde størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 18 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 743 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Grytten (i drift fra 1975), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Nye Verma (1949) og Berild (1999). Statkraft Energi er hovudeigar av om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Rauma Energi Produksjon med om lag ein femtedel.
Av kommunens busette arbeidstakarar har 20 prosent arbeid utanfor kommunen (2016), der sju prosent arbeider i Molde, fem prosent i Sunndal og to prosent i både Vestnes og Ålesund.
Rett sør for Åndalsnes ligg militærleiren Setnesmoen, som er ekserserplass og standkvarter for Møre og Fjordane heimevernsdistrikt (HV-11).
Åndalsnes Avis kjem ut tre gonger kvar veke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.