Steinkjer-Avisa er ei norsk lokalavis som kjem ut i Steinkjer, i papirformat kvar fredag, og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1984 og er eigd av Trønder-Avisa. Avisa dekkjer Steinkjer kommune.
Steinkjer-Avisa
Faktaboks
- Offisielt namn
- STEINKJER AVISA AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Steinkjer
- Dagleg leiar
- Geir Jonny Rognan
- Styreleiar
- Sivert Rossing

Digitalt
Avisa publiserer på alle digitale flater. Gjennom eit vidtfemnande samarbeid med Amedia har abonnentane frå 2023 fri tilgang på sportssendingar i ei rekkje tv-kanalar. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 9078 i fjerde kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Steinkjer-Avisa blei grunnlagd i 1984 som lokalavis i konkurranse med veletablerte Trønder-Avisa. Nykomlingen har greidd seg godt, og har sidan 1999 kome ut med Trønder-Avisa som eigar.
Det første nummeret av avisa kom ut 7. august 1984. Til å begynne med kom det to utgåver i veka, tysdag og fredag. Først i 1990-åra blei dette endra, og bladet kjem no ut ein gong i veka.
Det var Lothar Viem som etablerte Steinkjer-Avisa. Saman med kona, Bodil Elisabeth Viem, eigde dei bladselskapet med 50 prosent kvar. I Steinkjer var det skepsis til om det kunne vere mogleg å drive ei ny avis på same stad som Trønder-Avisa, som hadde eit solid grep om store delar av Nord-Trøndelag fylke, og i særleg grad Innherad og Steinkjer. Viem hadde lang aviserfaring, frå Trønder-Avisa, Adresseavisen, Innherreds Folkeblad og Verdalingen. I ti år hadde han gått med planar om å etablere lokalavis i heimbyen.
Til å begynne med hadde dei teknisk produksjon i Steinkjer og trykte avisa hos Namdal Arbeiderblad i Namsos. Dei fekk snart 2000 i nettoopplag og oppfylte kravet til pressestøtte på kortast mogleg tid.
Dei tre sønene i Viem-familien var òg med på bladtiltaket, og etter ei tid hadde fem familiemedlemer med tjue prosent eigardel kvar. I 1995 etablerte Viem-familien i tillegg ei avis i Snåsa, Snåsningen, også der med Lothar Viem som redaktør. Han delte no arbeidstida mellom Steinkjer og Snåsa, gjerne med ein dag og helga i Snåsa, og resten i Steinkjer. I fem år dreiv dei begge avisene. I 1999 selde familien Steinkjer-Avisa. Kjøpar var Trønder-Avisa, som då også tok over trykkinga av Steinkjer-Avisa, som dermed gjekk frå tabloidformat til det meir sjeldne (og litt større) berlinerformatet. Viem var i Steinkjer-Avisa eit halvt års tid etter salet. Avisa kjem no ut i tabloidformat, etter at Trønder-Avisa la ned trykkjeriet sitt.
Steinkjer-Avisa har etter århundreskiftet merkt godt dragkampen mellom dei mektige mediekonserna Polaris Media og Amedia. Det skuldast at begge har hatt store aksjepostar samstundes i Trønder-Avisa. Etter at Trønder-Avisa i 2020 braut det nære praktiske samarbeidet med Polaris Media til fordel for eit tilsvarande samarbeid med Amedia, oppsto det i kjølvatnet ein ny aviskonkurrent til Steinkjer-Avisa. Polaris Media skipa nettavisa Steinkjer24 som åt på dei same beitemarkene som Steinkjer-Avisa.
Fakta
- Første nummer av Steinkjer-Avisa kom ut 7.8.1984
Opplag
Opplagstal for Steinkjer-Avisa, 1988-2023
tidspunkt | |
---|---|
1988 | 3231 |
1990 | 3345 |
1991 | 3130 |
1992 | 2957 |
1993 | 2751 |
1994 | 3004 |
1995 | 2932 |
1996 | 3009 |
1997 | 2731 |
1998 | 3160 |
1999 | 3164 |
2000 | 3660 |
2001 | 3393 |
2002 | 4076 |
2003 | 4094 |
2004 | 4182 |
2005 | 3891 |
2006 | 3834 |
2007 | 3917 |
2008 | 4229 |
2009 | 4282 |
2010 | 4455 |
2011 | 4560 |
2012 | 4713 |
2013 | 4885 |
2014 | 4961 |
2015 | 4767 |
2016 | 4624 |
2017 | 5041 |
2018 | 4781 |
2019 | 4736 |
2020 | 4625 |
2021 | 4498 |
2022 | 4730 |
2023 | 4037 |
År | Opplag |
---|---|
1988 | 3231 |
1998 | 3160 |
2008 | 4229 |
2015 | 4741 |
2020 | 4625 |
2021 | 4498 |
2022 | 4730 |
2023 | 4037 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.