Vilhelm Andreas Wexelsen var ein norsk prest, biskop og venstrepolitikar. Han var ein markert prest. Som statsråd fekk han i 1892 både autorisert Blix-salmane til kyrkjebruk og gitt dei lokale skulestyra mynde til å avgjere om lærebøkene skulle vere på bokmål eller nynorsk. Han stod også ansvarleg for politiske grep som stramma inn fornorskingspolitikken mot samar og kvenar.
Wexelsen var fødd i Klæbu. Han voks opp i ein grundtvigiansk prestefamilie og vart sjølv cand.theol. ved Universitetet i Kristiania i 1872.
Wexelsen var personellkapellan i Sparbu frå 1873, sokneprest i Kolvereid frå 1877 og i Overhalla frå 1884. Han engasjerte seg raskt i politikken, og frå 1878 var han ordførar i Kolvereid. Ved stortingsvalet i 1879 vart han første suppleant (vararepresentant), og han debuterte på tinget våren 1882.
Gjennom resten av 1880-åra var Wexelsen fast på Stortinget. Han var kyrkjestatsråd i Venstre-regjeringane 1891–1893 og 1898–1903. Mellom dei to periodane vart han mykje nytta som foredragshaldar. Han var formann i Det Norske Samlaget (1894–1898), skuledirektør i Trondheim (1896–1898) og igjen på Stortinget (1895–1897). Frå 1905 var Wexelsen biskop i Trondheim.
Ein bautastein med byste av Wexelsen, laga av Wilhelm Rasmussen, vart avduka i 1914 på Domkirkegården i Trondheim. På bautaen står mottoet «Norskdom og kristendom».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.