Agape er eit ord for den kristne kjærleiken. I kristendommen blir agape brukt både om Guds kjærleik til menneska og om kristen nestekjærleik, til forskjell frå andre former for kjærleik, som til dømes erotisk kjærleik, foreldrekjærleik og vennskapleg godhug. I platonismen blir eros brukt om den kjærleiken som dreier seg om strev etter det gode og det skjønne. Språka gresk og latin skil mellom den kristne agapen og den platonske erosen. På latin heiter desse caritas og amor.
Agape er ikkje eit av dei vanlege greske orda for kjærleik, og det finst svært sjeldan utanfor Det nye testamentet og den seinare kristne litteraturen. Omgrepet hadde mindre å seie i tida straks etter apostlane, då det blei fortrengt av eros-motivet hos gnostikarane.
Kommentarar (1)
skreiv olai marton jacobsen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.