Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Sjiraff i Krugerparken
Sjiraffen lever i hovudsak av ein art akasie som han sjølv har gitt namn til, Acacia giraffae.
Acacia victoriae

Akasie. Paraply-akasie.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Akasie er ei planteslekt i erteblomfamilien. I vid forstand inneheld slekta minst 1100 artar av tre og buskar, men det står strid om systematikken, og slekta kan delast opp i fleire slekter. Plantane i akasieslekta er utbreidde i tropiske til subtropiske strok i alle delar av verda, og blir nytta i møbelproduksjon, som bindemiddel og til parfyme. Dei fleste akasieartane er giftige, men i Australia, der rundt 900 av artane høyrer heime, finst ca. 100 arter med frø som kan etast.

Faktaboks

Uttale
akˈasie
Etymologi
av gresk uskyld
Også kjend som

wattleseed, mulga (Australia)

Beskriven av
Philip Miller

Utsjånad

Akasia er buskar og store tre, ofte med skarpe tornar. Blada er sterkt oppdelte (finna til dobbeltfinna). Blomane er små, gule eller kvite, og sit i tette runde eller avlange blomsterstandar. Blomane duftar ofte sterkt. Trea har varierande form, i Afrika veks dei kjende paraply-akasiane. Fruktene er lange, grønne eller brune belgfrukter med mange runde frø.

Bruk

Mat

Mange akasieartar har frø som kan nyttast som mat. Smaken er mild og nøtteaktig og kan ha undertonar av kaffi og kakao. Rista og malte frø blir nytta til baking, som fortjukkingsmiddel i sausar og supper, og til å setje smak på øl og dessertar. Urfolk i Australia har tradisjonelt nytta akasiemjølet til brødbaking. Frøa blir òg rista og etne som snacks. Unge, grøne belger og frø blir kokte som grønnsak. Akasiefrø er rike på protein, mineral og fleirumetta feitt. Frøa blir sanka frå viltvoksande tre og har blitt nytta av urfolk i Australia i tusen år.

Dei artane som blir mest nytta er prickly acacia (A. victoriae), coastal wattle (A. sophorae), wirilda (A. retinodes), dogwood (A. coriacea), colony wattle (A. murrayana) og mulga (A. aneura).

Ved

Veden er sterk og blir mellom anna brukt til møblar. Dei afrikanske artane er kjende for å innehalde gummi arabicum, som blir vunne ut og brukt som lim, fortjukkingsmiddel i mat eller bindemiddel i måling.

Garving

Av den indiske A. catechu kan ein vinne ut garvemiddelet kateku ved ekstraksjon av kjerneveden.

Enkelte artar har belgfrukter som blir kalla bablah, og desse blir brukte i garving og farging av lêr. Nokre artar har velluktande blomar og blir brukte i parfyme.

Prydplantar

Somme artar blir dyrka som prydplantar, som den vestindiske A. farnesiana og dei australske A. decurrens og A. dealbata. Dei blir ofte selde feilaktig under namnet Mimosa.

Systematikk

Akasieslekta vart tidlegare rekna til mimosafamilien, men som no blir oppfatta som ein underfamilie av erteblomfamilien.

Nye molekylære analysar har vist at slekta Acacia er «unaturleg» og bør delast opp i fleire slekter, til dømes bør dei australske artane ikkje reknast til same slekt som dei afrikanske. Det går føre seg ein heftig debatt blant botanikarar om slektsnamnet Acacia bør knytast til dei afrikanske eller dei australske artane. Dei dyrka mimosa-artane stammar frå Australia.

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Slekt Akasieslekta Acacia
Familie Erteblomfamilien Fabaceae
Orden Erteblomordenen Fabales
Klasse Tofrøblada plantar Eudicots
Rekkje Dekkfrøa plantar Magnoliophyta
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

GBIF-ID
2978223

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg