Iskjernar er prøver av is som blir teken opp frå innlandsisar, iskappar og isbrear ved kjerneboring. Iskjernar frå arktiske og antarktiske strøk har fått svært stor vitskapleg og politisk betydning, idet ein kan måle og analysere tidlegare tiders klimahistorie og atmosfæresamansetning frå kjerneprøvene (sjå drivhuseffekt).
iskjernar
Bruk av iskjernane
Når det fell snø på til dømes Grønland eller Antarktis, vil snøen bli pakka, rekrystallisert og gradvis blir omdanna til is. Under denne prosessen vil luftbobler bli hermetisk lukka inne mellom iskrystalla.
Det oppstår òg ei lagdeling som svarer til årsvariasjonane. Lagdelinga oppstår fordi snø avsett om sumaren har ei anna oksygenisotop-samansetning enn snø avsett om vinteren. Dette blir utnytta til å tolke årsvariasjonane i nedbør og til å tolke tidlegare tiders temperaturvariasjonar. Fordelinga av oksygenisotopar (16O og 18O) avheng av temperaturen og er dimed direkte korrelert med lufttemperaturen idet snøen blir avsett.
Gamal is
Innlandsisen på dei nemnde stadene er svært tjukke (opptil 3000 m), og inneheld i djupet is som er svært gammal; nær bresåla i Grønland er det funne is som er meir enn 100 000 år gammal, og i Antarktis heile 740 000 år gammal. Frå ein kjerne bora ut av isen vil ein difor kunne få prøver av atmosfæresamansetninga i fortida (til dømes drivhusgassane karbondioksid og metan) og klimatiske forhold (nedbørs- og temperaturvariasjonar).
Sidan isen kan ha vore i rørsle og er rekrystallisert, vil forandringar kunne ha skjedd i ismassen slik at luftboblene ikkje lenger alltid er representative for tidlegare tiders atmosfære. Det er difor viktig at iskjerneboringar går føre seg i dei sentrale delane av ein innlandsis eller iskappe der rørsla er minimal. Kjernane må dessutan borast i område der det ikkje går smelting føre seg i overflata som kan ha øydelagt den årlege lagdelinga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.