Klassisk musikk er ein verdsomspennande kunstmusikktradisjon med historisk opphav knytt til kyrkja og adelen i Vest-Europa i mellomalderen. I ein snevrare forstand omfattar klassisk musikk musikken som høyrer til den musikalske perioden klassisismen. Klassisk musikk skapt etter andre verdskrigen blir ofte karakterisert som samtidsmusikk.
Omgrepet klassisk musikk blir også brukt om enkelte kunstmusikktradisjonar i andre verdsdelar, som indisk klassisk musikk og persisk klassisk musikk.
Klassisk musikk er skapt av yrkesmusikarar og komponistar, har eit historisk opphav knytt til makthavarar og kulturelle elitar og er etablert som ein sjanger skilt frå folkemusikk, underhaldningsmusikk og populærmusikk. Musikken er primært retta mot å opplevast på ein konsert eller eit anna formelt arrangement der lytting står i sentrum. Musikken blir anerkjend som eit sjølvstendig kunstnarleg uttrykk, sjølv om han også kan inngå i sosiale og rituelle samanhengar.
Sjølve omgrepet klassisk musikk kom i bruk i Europa i første halvdel av 1800-talet. Bruken av ordet klassisk er kjend innanfor andre kunstvitskapar og spelar på det som søkjer førebilete i Romarriket og den greske antikken.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.