Koksidiane er som dei fleste andre grupper innanfor rekkja Apicomplexa intracellulære parasittar, det vil seia at dei enkelte parasittorganismane trengjer inn i og utviklar seg inni cellene hos verten. Denne utviklinga omfattar omdanning/vekst og formeiring gjennom ein serie av todelingar eller ved éi enkelt mangedeling. Dette fører til at vertscellene blir øydelagde.
Når talrike koksidiar trengjer inn i fleire nærliggjande vertsceller og øydelegg desse, kan det oppstå større flekkforma skadar/sår (nekrosar) i vevet, som så kan utløysa betennelsesreaksjonar. Tarmkoksidane parasitterer særleg tarmepitelcellene, og øydelegg desse, slik at det oppstår sår i tarmslimhinna. Dette fører igjen til at mindre væske blir sugd opp frå tarminnhaldet, og det kan bli blødingar frå tarmveggen til tarminnhaldet. Resultatet blir tuntflytande og av og til blodig avføring (diaré), som er det typiske ved koksidiose. Diareen fører til stort væsketap og dermed dehydrering og i verste fall død.
Smitte med tarmkoksidiar skjer via munnen med eit innkapsla, miljøresistent, eggliknande stadium som blir kalla oocyster. I tarmen set kvar oocyste fri åtte infektive celler, som så trengjer inn i tarmepitelceller, omdannar seg og gjennomgår mangedeling og produserer talrike nye celler/organismar. Desse trengjer inn i nye tarmepitelceller og gjentek prosessen. Hos ulike arter er det to eller fleire omgangar (generasjonar) med slik oppformeiring. Til slutt blir det danna såkalla kjønna stadium, som er karakteristisk for utviklinga til alle medlemmer av rekkja Apicompexa (andre grupper av eincella parasittar formeirar seg berre ukjønna, hovudsakleg ved todeling og/eller mangedeling).
Ved den kjønna utviklinga blir det danna to typar kjønnsceller, som liknar på respektive sædceller og eggceller hos fleircella organismar. Ei hannleg kjønnscelle smeltar saman med ei holeg kjønnscelle og dannar ein zygote, som straks omgjev seg med ein resistent yttervegg, og blir til ei såkalla oocyste. Oocystene blir frigjevne frå dei øydelagde epitelcellene til tarminnhaldet, og blir skilde ut med avføringa. Ute i miljøet gjennomgår dei ein modningsprosess (såkalla sporulering), som medfører at zygoten deler seg og blir til åtte infektive celler/organismar. Oocystene er ganske miljøresistente, og dei kan overleva i månadsvis i eit fuktig miljø. Oocyster av somme arter toler nedfrysing og kan overvintra i beita. Nye vertar blir smitta via fôr/mat og drikke forureina med oocystehaldig avføring. Husdyr kan også bli smitta ved å slikka/suga på overflater tilgrisa med oocystehaldig avføring.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.