Modellorganisme er ein bakterie, ein sopp, ei plante eller eit dyr som blir nytta av forskarar for å forstå biologiske prinsipp. Forsking på modellorganismar kan gi svar på spørsmål knytt til evolusjon, DNA, celledeling, kommunikasjon mellom celler, celledød, cellevandring, utvikling av hjernen, fosterutvikling, sjukdom og effekten av potensiell ny behandling.
Når forskingslaboratorium over heile verda nyttar same modellorganisme, kan dei samanlikne og støtte seg på kvarandre sine resultat. Svært mykje av kunnskapen om menneskekroppen og humane sjukdommar kjem frå oppdagingar frå dei ulike modellorganismane.
Utvalet av modellorganismar representerer hovudgreiner på evolusjonstreet, frå bakteriar til soppar, insekt, planter, amfibiar, fisk og pattedyr.
Cellulære prosessar i menneskeceller er svært komplekse, men er ofte enklare å kartlegge i celler hos ein modellorganisme. Modellorganismane er ofte godt studerte, og det er relativt enkelt å lage mutantar for å studere effekten av ulike gen eller protein. Funna frå forsking på modellorganismane gir ofte grunnlag for vidare studiar i menneskeceller.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.