Syse las mykje og var ein hund etter gode formuleringar. Sjølv var han også ein formuleringskunstnar. «De stjal våre klær mens vi badet», sa Syse om Arbeidarpartiet som hadde gjort mange av Høgres fanesaker til sine. Mange slike formuleringar vil leve etter han.
På Stortinget vart han kjend som meisteren til improvisasjonen, men det er ei sanning med modifikasjonar. Syse hadde lært at improviserte talar krev omfattande førebuingar. Han hadde alltid med seg ei notisbok. I den noterte han seg alle vitsar og episodar som kanskje kunne gi grunnlag for ein tale ved eit seinare høve. Han hadde alltid med seg eit lager av formuleringar, som han ofte gjentok for seg sjølv, med tanke på at dei i ein gitt situasjon kunne komme til nytte. Sanninga er at Jan P. Syse aldri improviserte; det berre verka slik. Men han vart beundra både som politikar og retorikar. I det politiske livet hadde gentlemannen Syse motstandarar, men ingen uvenner.
For dei som ikkje kjende han, kunne nok Jan P. Syse verke heller arrogant, men det var han ikkje. Tvert om, han var godt likt i alle politiske leirar i Stortinget. Meir enn dei fleste i samtida si var Jan P. Syse ein ideologisk politikar. I det nordiske samarbeidet var han også sentral og sat som president i Nordisk Råd i fleire periodar.
Syse engasjerte seg òg nokre gonger utanfor politikken. Han var leiar av byggjekomiteen for Det Norske Studentersamfundets hus Chateau Neuf i Oslo (1953–1971), og han var president for sykkel-VM i Noreg 1993. Han spøkte òg med at han var skaptilhengjar av Melodi Grand Prix.
Saman med mellom andre Kåre Willoch var han også sentral i utforminga av Høgre sitt forslag om «Selveierdemokratiet», eit opplegg for at tilsette skulle kunne få innverknad i bedriftslivet gjennom kjøp av aksjar i dei bedriftene dei var tilsette i.
I sin siste stortingsperiode var det eit større problem for Syse at han i mange samanheng stod eit stykke frå Høgres linje. Arva etter John Lyng vart etter hans meining forvalta dårleg av den nye partileiinga. Høgre søkte ikkje etter felles plattformer med dei partia ein var avhengig av for framtidig regjeringssamarbeid. Det verdikonservativt baserte fundamentet stod etter hans meining ikkje sterkt i det daglege arbeidet i partiet.
Høgre gjekk inn i valkampen i 1997 fjernare frå regjeringssamarbeid enn på 10 år. Syse hadde sagt frå seg attval og skulle bli pensjonist. Etter eit hjarteinfarkt i midten av 1990-åra kom han aldri heilt tilbake i si tidlegare form, men han var stadig engasjert i partiet. Då han døydde av ei hjernebløding dagen etter stortingsvalet i 1997, hadde han delteke i Høgres valvake kvelden før.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.