Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 49
Denne versjonen ble publisert av Lars Mæhlum 16. november 2023. Artikkelen endret 1043 tegn fra forrige versjon.

Nissedal er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke, frå grensa mot Agder nordover på begge sider av Nisser, som er Telemarks største innsjø med eit areal på 76 kvadratkilometer. Kommunen grensar mot Fyresdal i vest, Kviteseid i nord og Drangedal i aust, medan Åmli, Vegårshei og Gjerstad utgjer nabokommunane i Agder.

Nissedal fekk kommunestatus i 1838, då kommunen vart skilt ut frå Kviteseid.

Berggrunnen høyrer til grunnfjellets gneisar og granittar. Dalsidene langs Nisser er bratte. Frå innsjøens 255–258 meter over havet stig terrenget raskt til ei fjellvidde med toppar på 800–1000 meter over havet. Høgast er Førheinutane (1049 meter over havet) på grensa til Fyresdal i nordvest. Sør for Nisser er det moreneavsetningar med store furumoar.

Fram til 1970 viste folketalet nedgang, sidan har det vore tilnærma stabilt. I tiårsbolken 2014-2023 minka folketalet med 0,6 prosent.

Hovudtyngda av busetjinga finst langs austsida av Nisser, med administrasjonssenteret Tveitsund (Treungen) heilt i sør og Kyrkjebygda og Nordbygda lengre nord.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Nissedal.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Treungen 540 38 % 1,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Nissedal kommune som bur i tettstaden.

Næringslivet i kommunen er variert. Jordbruksarealet er snautt 4000 dekar. Så godt som heile arealet blir nytta til eng, slått og beite, særleg for sau. I perioden 2017-2021 var skogavvirkinga på i snitt 33 000 m3 årleg. Av dette var to tredelar furu. Nissedal har lite industri; viktigast er trevareindustri og dessutan dyrefôrproduksjon.

Turismen er ei næring i vekst. Særleg har kommunen satsa på hytteturisme. I 2022 var det 2430 hytter i kommunen, ein auke på 67 prosent sidan 2006.

Nissedal er kommunen med femte størst vasskraftproduksjon i Telemark, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei tolv vasskraftverka i kommunen produserer til saman 605 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Dynjanfoss (i drift fra 1951), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Høgefoss (1919) og Fjone (1970). Å Energi Vannkraft er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Skagerak Kraft med om lag ein femtedel.

Riksveg 41 (Telemarksvegen frå Kristiansand til Brunkeberg) går nord–sør gjennom kommunen på austsida av Nisser. På vestsida av vatnet er det fylkesveg frå Treungen til Fjone og Sundsodden, med kabelferje til austsida. Fylkesveg 358 fører frå Drangedal over Gautefallheia til Treungen, fylkesveg 355 frå Tjønnefoss nordvestover til Fyresdal.

Nissedal høyrer til Sør-Aust politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.

Nissedal kommune svarer til soknet Nissedal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Nissedal til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

For statistiske formål er Nissedal kommune (per 2016) inndelt i åtte grunnkrinsar: Nordre Nissedal, Nissedal, Fjone, Tveit, Homme/Heimdal, Tjønnefoss, Haugsjåsund/Espestøl og Felle.

Ved garden Trontveit på vestsida av Nisser finst ei hellemåling, truleg frå bronsealderen, i ein stupbratt bergvegg opp frå vatnet. Det er og ei hellemåling ved Kvithamar lenger nord.

Kommunevåpenet (godkjent i 1992) har tre raude nisseluer, to over éin, mot eit gull bakgrunn; motivet speglar kommunenamnet.

  • Sanden, Gunnar: Vest-Telemark boki, 2004, isbn 82-996108-3-4
  • Åsen, Kjell m.fl.: Nissedal bygdesoge, 1976–2000, 4 b.