Hoa legg egga einskildvis på vatn eller i myrlendt terreng, og kvar ho legg mellom 50 og 200 egg (unntaksvis opp mot 300) mellom to og tre døgn etter eit blodmåltid. Etter å ha lagt egg ein gang kan hoa suga meir blod og legga fleire egg. Totalt kan ho legge mellom 800 og 1000 egg gjennom livet sitt. Egga flyt i vassoverflata og har eigne flottør-organ på sidene, og tålar i motsetnad til mange andre stikkmyggegg ikkje å tørka ut. Dei klekker etter 2–3 døgn.
Larvene lever i vatn, men pustar i luft gjennom særskilde opningar på bakkroppen, kalla spiraklar (dei må altså jamnleg oppsøke vassoverflata for å pusta). Dei er nedbrytarar som lever av organisk detritus og mikroorganismar i vatnet. Før dei forpuppar seg i vatnet går dei gjennom fire skalskifte.
Puppa flyt rett på undersida av vassoverflata og pustar med to hornforma røyr på mellomkroppen bak hovudet. Ho kan symje aktivt i vatnet, men tek ikkje til seg føde og lever i ganske kort tid. Den ferdig utvaksne vaksne myggen klekker frå puppa etter få dagar, og flyg derfrå. Lengda på livssyklusen varierar frå art til art, men det kan ta mellom 9 og 20 dagar frå egg til vaksen for dei best kjende artane.
Vaksne hannar av malariamygg svermer ved solnedgong eller daggry over ulike landemerke, og hoene oppsøker svermane for å para seg. I svermen vel ho ein hann ut frå lyden av dei vibrerande vengene, før dei to parar seg og forlet svermen. Kvar ho parar seg berre ein gong.
Begge kjønn kan ete nektar frå blomar og mikroorganismar i vassfilm, men hoene syg i tillegg blod. For å produsera egg treng hoene eit måltid blod, og ulike artar har ulike preferansar for kva for vertsart dei syg blod frå. Alle artane er knytt til varmblodige virveldyr, og flest artar er knytt til pattedyr som kveg.
Endringar i temperatur, fukt og nedbør påverker utbreiinga av malariamygg. Ekstremvær slik som heitebølger og flaum kan føra til auke i tal på malariamygg, og såleis òg tilfelle av sjukdomen malaria. Eit døme er den katastrofale flaumen i Pakistan i 2022 som førte til ei femdopling av malariatilfelle i landet.
Dei fleste artar av malariamygg lever i rurale område og formeirer seg i naturlege habitat. Arten Anopheles stephensi er annleis og spreier seg i urbane område. Denne arten er opphavleg frå Sør-Asia og Den arabiske halvøy, men har òg spreidd seg til fleire afrikanske land, utan at forskarane veit korleis. Med stigande grad av urbanisering på det afrikanske kontinentet utgjer Anopheles stephensi ein helserisiko og kan undergrave arbeidet som er gjort med å bekjempe malariasjukdom i Afrika. Verdens helseorganisasjon følgjer nøye med på spreiinga av denne arten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.